Inaktiv

Stryn Energi Nett søker Lager-/Logistikkleiar

Arbeidsgiver
Stryn Energi Nett AS
Stillingstittel
Lager-/logistikkleder
Frist
15.10.2017
Varighet
Fast

Likar du å legge til rette for andre, og ha ansvar for ein eigen del av verksemda ? Har du godt humør og liker å arbeide med andre?

 

Svarer du JA på desse spørsmåla kan du være den vi leitar etter.

 

Arbeidsoppgåver:

Vi søker ein person som skal ha ansvar for verksemdas lagerstyring, dvs. kontroll på lageret, bestilling, destruksjon og retur. Du skal være ein sentral person i vår innføring og vedlikehald av digitalt lagersystem. Du får ansvar for LEAN i din del av verksemda, og vil dessutan ha delansvar innan avfallshandtering, stoffkartotek og byggestraumhandtering. Mellom anna vil hovudoppgåvene være førebuing av utstyr og materiell for arbeidslag, samt ansvar for vedlikehald av utstyr og bilparken.

Krav til utdanning / røynsle.

Vi har ingen spesielle krav til utdanning, men det er desto viktigare at du har røynsle frå bransjen, eller liknande type stilling, dvs. lager, innkjøp, logistikk. Har du røynsle frå stilling som mekanikar, teknisk vedlikehald eller reparasjonar vil også dette være eit pluss. Du må ha god kjennskap til bruk av pc og office-pakka og du må ha generelt god IT-kompetanse. Det er ynskjeleg med kompetansebevis for sertifisert sikkerheitsopplæring for kran og truck, (G4, G8, G11, T1, T2, T4) og sertifikat kl. BE, C / C1.

Personlege eigenskapar:

Du må være positivt innstilt, omgjengeleg og like å arbeide med folk, både interne kollegaer og eksterne kundar og samarbeidspartar. Du må kunne ta litt styring og seie ifrå når andre ikkje behandlar utstyr rett. Du må like å være godt forberedt og proaktiv. Du må både like å ha system og struktur, samt kunne endre raskt og finne gode løysningar når dette trengst. Du må kunne leie deg sjølv og »stå på» ekstra i periodar. Du må like å ta ansvar for arbeidsmiljøet, og hjelpe andre.

Vi kan tilby:

Til den rette tilbyr vi konkurransedyktige vilkår og deltaking i eit triveleg og opent miljø i gode lokalitetar. Stryn Energi har lågt sjukefråvær. 

Om arbeidsgiveren

Stryn Energi AS er eit kommunalt eigd energiverk med administrasjonsbygg i Stryn sentrum. I tillegg til straumnett byggjer vi også fibernett. Stryn Energi AS har 25 tilsette. Årsomsetninga i konsernet er ca. kr 100 mill.

Tiltredelse
01.01.2018
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Tinggata 3
6783 Stryn
Bransje
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Koordinering / Koordinering
Ledelse / Ledelse
Teknisk service / Teknisk service

Nøkkelord

Tilrettelegger, innkjøp, logistikkledelse, lagerledelse, vedlikehold

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 105697039

Sist endret: 16. okt 2017 00:07

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hans Ørjasæter
Stillingstittel
Nettsjef
Mobil
Vis telefonnummer

Tinggata 3, 6783 Stryn

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 105697039

Sist endret: 16. okt 2017 00:07