Utløpt

Regionrådsleiar - Vest-Telemarkrådet

Arbeidsgiver
Vest-Telemarkrådet
Stillingstittel
Regionrådsleiar - Vest-Telemarkrådet
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast
Stillinga som regionrådsleiar blir ledig frå 1. januar 2018. Vi søkjer ein sjølvstendig og utviklingsorientert person med stor arbeidskapasitet og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Søkjar bør ha høgare utdanning og gjerne samarbeidserfaring frå offentleg sektor.

Ein vil legge spesiell vekt på evne til å drive nettverksbygging og kunne fremje regionens interesser utover lokalmiljøet. I tillegg evne til å bidra til utviklingsarenaer og møteplassar for både næringsliv og offentlege institusjonar i regionen. Søkjar vil ha fordel av kjennskap til regionen og Telemark fylke.

Arbeidsoppgåver:
  • Arbeide aktivt i høve til politikarar, rådmannutval og drive informasjonsarbeid
  • Innta ei rolle i høve til prosjekter, både internt i regionen og i eksterne samarbeidstiltak
  • Stå for søknad/organisering/bruk av skjønnsmidlar
  • Dagleg drift:
  • Førebu og organisere rådsmøta og gjennomføre vedtak.
  • Arbeidsgjevaransvar / økonomioppfølging

Aktuelle fokusområder:
Infrastruktur (veg, bane, breiband), vg. skule, næringslivets behov for arbeidskraft, felles etablererteneste i regionen, kultur, Telemarkskanalen, annan statleg og fylkeskommunal aktivitet.

Vi tilbyr konkurransedyktig løn og god pensjonsordning i KLP.

Om arbeidsgiveren

Vest-Telemark har som visjon å vera ein levande
region der opparbeidd identitet og kultur vert vidareført saman med innovasjon
og nyskaping. Gjennom samhandling over kommunegrenser skal regionen vera
attraktiv for busetnad, arbeid og oppleving. Vest-Telemarkrådet
er eit regionalt samarbeidsorgan for kommunane: Fyresdal, Kviteseid, Nissedal,
Seljord, Tokke og Vinje. Ordførarane i dei 6 kommunane leier Rådet og står for
den daglege drifta i lag med regionrådsleiar

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Kvitseidgata 18, 3850 Kviteseid
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Øystein Aarrestad
Stillingstittel
Partner
Telefon
908 33 304
Kontaktperson
Erik Skjervagen
Stillingstittel
regionordførar/ordførar
Telefon
950 36 172
Følg firma
161 følger dette firmaet

Kvitseidgata 18, 3850 Kviteseid

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 101840005
Sist endret 9. aug. 2017 14:43

Rapporter annonse