Seksjonsleiar strategisk støtte - stab for verksemdstyring
- Arbeidsgiver
- Vest politidistrikt
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar strategisk støtte - stab for verksemdstyring
- Frist
- 14.08.2017
- Ansettelsesform
- Fast
I Vest politidistrikt er det ledig fast stilling som leiar for Seksjon for strategisk støtte, SKO 1211 seksjonssjef. Stillinga rapporterer til leiar av stab for verksemdsstyring. Seksjon for strategisk støtte har ansvar for å gje støtte og rådgiving på strategisk nivå innan IKT, eigedom, materiell og anskaffing, og ansvar for sikkerheit og juridisk funksjon. I tillegg har seksjonen ansvar for politidistriktet sin bilverkstad.
Seksjon for trategisk støtte skal bidra til å sikre at politidistriktet styres på bakgrunn av analyser og kunnskap om politidistriktet sitt behov. Det er eit mål å sikre effektiv og sikker drift innanfor gjeldande regelverk.
For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår for staten, mellom anna tilsetjing på prøve dei første 6 månadene. Søkjarar må kunne skrive både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner og personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Arbeidsoppgåver
- Leie og vidareutvikle seksjonen
- Personal- , ressurs- og resultatansvar i seksjonen
- Sikre juridisk bistand til politimeister og andre einingar i politidistriktet, i form av tolking av regelverk, kvalitetskontroll, utreiingar og høyringssvar, erstatningssakar mv.
- Sørge for at politidistriktet sine verdiar er beskytta etter gjeldande lovverk ved å ha ei systematisk tilnærming til det interne sikkerheitsarbeidet
- Følge opp ansvar etter politiregisterlova og andre personvernspørsmål
- Ha ansvar for å planlegge, bestille, følge opp og forvalte eigedom, materiell og anskaffelse i politidistriktet
- Vere rådgivar for politimeistaren innan IKT
- Ivareta bestillarrollen for lokale IKT-løysingar frå politiets IKT-tenester (PIT)
- Være rådgivar for å nå operative mål gjennom bruk av IKT
- Utvikle eit godt medarbeidarskap, ønska kultur og god medarbeidartilfredsheit i seksjonen.
- Ansvarleg for verkstadstenesta
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan samfunnsvitskapelege -, økonomiske eller juridiske fag minst på bachelornivå
- Relevant leiarerfaring/leiarutdanning
- Vise til gode resultat i tidlegare relevante stillingar
- God munnleg og skriftleg framføring
- Erfaring frå verksemd- og økonomistyring
- Gode datakunnskapar
- HMS kompetanse er ein fordel
- Kjennskap til politiet sine gjeremål er ein fordel
Eigenskapar
- Sette retning og drive endring og skape resultater i samhandling med andre
- Vere tett på, modig, heilskapsorientert og vise respekt
- Analytisk og strukturert, og evne til strategisk arbeid
- Resultatorientert og god gjennomføringsevne
- Gode kommunikasjons og samarbeidsevner
- Evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Stillinga blir lønna som seksjonsleiar SKO 1211 frå 680 200,- til 745 600,-.
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida.
Om arbeidsgiveren
Vest politidistrikt dekker 55 kommunar, med til saman 578 000 innbyggjarar, og har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar.
- Sektor
- Offentlig
- Lederkategori
- Leder
- Sted
- Allehelgens gate 6, 5804 Bergen
- Bransje
- Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon
- Planlegger,
- Ledelse
Nøkkelord
ledelse, strategi, planlegging, innkjøp
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Trond Arne Aglen
- Stillingstittel
- Leiar av stab for virksomhetsstyring
- Telefon
- 93 26 76 84
- Kontaktperson
- For spørsmål om CV/elektronisk søknad
- Stillingstittel
- Seksjon for HR
- Telefon
- 55 55 63 00
Følg firma
3816 følger dette firmaet
Allehelgens gate 6, 5804 Bergen