Utløpt

Assisterande klinikkdirektør - Bjørgvin DPS

Stillingstittel
Assisterande klinikkdirektør Bjørgvin DPS
Frist
10.08.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Bjørgvin DPS er ein klinikk i Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus. Klinikken gjev spesialisthelsetenester til bydelane Åsane og Arna i Bergen, Osterøy kommune og kommunane i Nordhordland; til saman 77 000 vaksne. Bjørgvin DPS har til saman 150 årsverk og eit budsjett på 136 mill. kr for 2017. Døgntilbod er lokalisert på Tertnes, medan polikliniske tenester vert gjeve både i Knarvik og på Tertnes.

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:
* spesialisert utredning og differensiert behandling,
* opplæring av pasientar og pårørande
* rettleiing til psykisk helsearbeid i kommunane
* forsking, kvalitetsutvikling, utdanning av helsepersonell

Senteret har to fagområder, allmennpsykiatri og psykose.
Fagområde allmennpsykiatri omfattar poliklinikk på Tertnes og i Knarvik, seksjon for eMeistring og døgnseksjon C1. Poliklinikkane har allmennteam, akutt ambulant team, gruppebehandling og DBT team.
Døgnseksjonen C1 har 15 sengeplassar der 6 plassar er open frå måndag til fredag.
Fagområde psykose omfattar ein poliklinikk og 2 døgnseksjonar. Ein korttidsseksjon med 8 sengeplassar inkludert brukarstyrt plass, og ein seksjon med 7 sengeplassar som er godkjend for bruk av tvungen psykisk helsevern. Poliklinikken har, i tillegg til vanleg poliklinisk verksemd, eit ACT-team med Bergen kommune, depotklinikk, medikamentfritt behandlingstilbod, fokusgruppe for førsteepisodepsykose og psykoedukativ gruppebehandling. Og det vert gitt ein- og fleirfamiliebehandling.
Bjørgvin DPS har ei stabil og erfaren personalgruppe, og vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for tilsette og har fokus på forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er høgt prioritert.

I samband med omorganisering ved Bjørgvin DPS er det no ledig stilling som assisterande klinikkdirektør. Vi søkjer etter ein engasjert og ansvarleg person som ønskjer å væra med å vidareutvikle og leia Bjørgvin DPS i tråd med strategi og sentrale føringar.

Arbeidsoppgåver

  • Delegerte oppgåver og mynde frå klinikkdirektør i tråd med stillingsinstruks for leiarar i Helse Bergen.
  • Uvikle Bjørgvin DPS i tråd med sentrale føringar og interne planar.
  • Delta i Bjørgvin DPS si leiargruppe og være medansvarleg for at Bjørgvin DPS utfører sitt årlege oppdrag.
  • Klinikkdirektør sin stedfortredar

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå og interesse for leiing
  • Utdanning i leiing er ei føremon
  • Brei fagleg kunnskap og erfaring
  • Evne til analyse og planlegging

Utdanning

  • Administrasjon/organisasjon/leiing
  • Helsefag, andre
  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
  • Profesjonsstudium
  • Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Du har:
  • Engasjement
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Struktur i arbeidet
  • Samarbeidsevner
  • Fleksibilitet
  • Evne til å delegere og motivere
  • Personlege eigenskapar for stillinga

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Høve til å være med å påverke og vidareutvikle Bjørgvin DPS.
  • Engasjerte medarbeidarar med lang erfaring og høg kompetanse.
  • Løn etter avtale.
  • Leiarstøtte.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Tertnesveien 37, 5113 Tertnes
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

psykiatri, spesialisthelsetenesten, leiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gro Fanebust
Stillingstittel
Klinikkdirektør
Telefon
55 95 70 00
Følg firma
2248 følger dette firmaet

Tertnesveien 37, 5113 Tertnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 100199602
Sist endret 9. aug. 2017 10:46

Rapporter annonse