Utløpt

Førsteamanuensis / førstelektor matematikkdidaktikk

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Førsteamanuensis / førstelektor matematikkdidaktikk
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), er det ledig inntil 3 stillingar  som førsteamanuensis/førstelektor i matematikkdidaktikk ved Seksjon for matematikk fagdidaktikk, Avdeling for lærarutdanning, campus Bergen.


Avdeling for lærarutdanning er Vestlandets største lærarutdanningsinstitusjon med rundt 2650 studentar og 260 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1. - 7. og 5. - 10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, 9 masterutdanningar og eit ph.d.-program. Vi har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Avdelinga har to forskingssentre: Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon og Senter for utdanningsforsking.

Seksjon for matematikk fagdidaktikk ved Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for lærarutdanning, campus Bergen har i dag 25 fagleg tilsette, halvparten har førstekompetanse, hvorav to professorar. Seksjonen har i tillegg per dags dato fleire stipendiatar. Fagmiljøet tilbyr studiar i matematikk/matematikkdidaktikk innanfor barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, masterprogram og doktorgradsprogram. I tillegg driver seksjonen utstrakt etter- og vidareutdanningsverksemd. Seksjonen har omfattande forskingsaktivitet og utviklingsarbeid retta inn mot matematikkdidaktikk og samarbeider med nasjonale og internasjonale fagmiljø.


Ansvars- og arbeidsområder

Stillingane er primært knytt til matematikk i grunnskulelærarutdanningane, men også til barnehagelærarutdanninga og eksternt finansierte kurs. Arbeidsoppgåver inneber undervisning, oppfølging av studentar i praksis, rettleiing og evaluering, og deltaking i vidareutvikling av studietilboda. Arbeidsoppgåver innan mastergradsutdanning og doktorgradsutdanning kan også vere aktuelt, avhengig av den tilsette sin kompetanse og seksjonen sitt behov. I stillinga inngår ressurs til fagleg-administrativt arbeid.

Tilsette søkjer om tid til forskings- og utviklingsarbeid som kan knyttes til ein av dei pågåande forskingsgruppene ved avdelinga. Det er ønskeleg at det i søknaden kommer frem korleis søkjaren sin forskingskompetanse og forskingsinteresser passer inn i eit eller fleire av forskingsområdane: kritisk matematisk danning, matematisk språk og argumentasjon, språkleg mangfald, IKT, og modellering i matematikkundervisning. Forskinga skal rettes inn mot barnehage, grunnskule eller lærarutdanning. Det blir forventa at tilsette publiserer forsking innan matematikkdidaktikk.

Kvalifikasjonskrav

Søkjar må ha fagleg kompetanse på doktorgradsnivå innanfor matematikkdidaktikk eller matematikk. Dersom søkjaren har doktorgrad innan matematikk, krevast det dokumentert matematikkdidaktisk kompetanse på grunnlag av utdanning, undervisning eller rettleiing.

Undervisningsspråket er norsk. Søkjarar som ikkje meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk må forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan to år frå tilsetjingsdatoen. Søkjarar som ikkje har lærarutdanning eller pedagogisk utdanning, må ved tilsetjing fullføre kurs i høgskulepedagogikk innan to år frå tilsetjingsdatoen.

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha  avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetting som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav. 

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.  Høgt etisk medvit  i møte med studentar er og påkravd.

Tilleggskrav

Pedagogisk utdanning, relevant undervisningserfaring, arbeidserfaring frå barnehage og/eller grunnskole blir vektlagt. Publikasjonar innan matematikkdidaktikk og særlig publikasjonar knytt til dei nemnte forskingsområdane, vil også bli vektlagt. Seksjonen legger stor vekt på faglig utvikling og miljøbygging. Det vil bli vurdert om søkjar er personlig eigna for stillinga.

Det er her viktig at nye seksjonsmedlemmer vil bidra i miljøet og har god samarbeidsevne.

Søkjarar til stillingane blir vurdert av eit sakkunnig utval med tre medlem.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju og bedt om å holde ein prøveforelesing.

Søk på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk denne stillinga " på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.) dei ønskjer å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Søkjarar bør nemne dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga. Søknaden må også innehalde oversikt over vedlegg som dokumenterer søkjarens pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.


Lønnsvilkår

Førstelamanuensis vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1011.

Førstelektor vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1198.

Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

 

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Hjemmeside

Kontaktpersoner:

Seksjonsleiar Inger Elin Lilland 55 58 57 56

Programansvarleg Nina Grieg Viig 55 58 58 39

Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) vart etablert 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.


HVL er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Inndalsveien 28
5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Undervisning og pedagogikk
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 99831400

Sist endret: 7. jul 2017 19:03

Følg firma
101 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 99831400

Sist endret: 7. jul 2017 19:03