Utløpt

Ein av vestlandets viktigste integrasjonsstillingar: Prosjektleiar integrasjon

Arbeidsgiver
Integrasjonssenteret
Stillingstittel
Ein av vestlandets viktigste integrasjonsstillingar: Prosjektleiar integrasjon
Frist
Snarast
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS
Er du ein dyktig og engasjert person som brenn for å bidra til ei betre og forenkla pasientbehandling?
Ønskjer du å jobbe langsiktig innan ein bransje som står ovanfor store teknologiske løft, med moglegheit til å forme IT-løysingar for eit helsevesen for framtida?


Helse Vest IKT har etablert eit integrasjonssenter med overordna ansvar for systemintegrasjonsarbeidet i Helse Vest. Integrasjonssenteret har det heilskaplege koordinerings-, leveranse- og forvaltningsansvaret for integrasjonstenester, og er med sine 31 dyktige medarbeidarar eit viktig og ettertrakta kompetansesenter innan integrasjon i helsesektoren.

Helse Vest har eit av dei mest komplekse systemlandskapa på Vestlandet, der det kvar dag vert sendt hundretusentals av meldingar i samband med pasientforløp, både eksternt og internt. Datasystem i helsevesenet har dei siste åra vorte heilt sentrale i dei kliniske arbeidsprosessane og behovet for utveksling av data mellom systema er enormt. Det pågår no ein digital transformasjon av helsevesenet som aukar i takt og omfang. Prosjekta er mange og endringstakten høg.

Vi søkjer derfor no ein dyktig og motivert prosjektleiar som kan hjelpe oss på denne reisa!

Som prosjektleiar integrasjon vil du vere ein del av prosjektleiar-teamet i Integrasjonssenteret og leie utvikling og implementering av integrasjonsløysingar for lokale, regionale og nasjonale løysingar, som Vestlandspasienten.no.

Kandidatar vert vurdert etter kvart som dei søkjer

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og følgje opp spesifikasjon, utvikling, test og leveranse av systemintegrasjonsløysingar.
  • Vere eit koordinerande bindeledd mellom Integrasjonssenteret og andre interne og eksterne partar, med omsyn til teknisk og funksjonelt innhald i integrasjonsleveransar.
  • Utarbeiding av førespurnader, samt forhandle fram og inngå integrasjonskontraktar med eksterne leverandørar.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring som teknisk prosjektleiar,
  • Evne til å sørgje for ein god dialog med relevante ressursar hjå føretak, leverandør og teknisk personell.
  • Evne til å raskt setje seg inn i og forstå forretningssida.
  • God kjennskap til agil prosjektmetodikk og sertifisering innanfor Prince2 er ein fordel
  • Bakgrunn eller røynsle med programvareutvikling er ein fordel.
  • Relevant praksis/erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning

Utdanning

  • Høgskule/universitet, Cand.mag / SIV
  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Eigenskapar

  • Du er ryddig og resultatorientert.
  • Du er initiativrik og glad i utfordringar og likar å jobbe i eit miljø med høgt tempo.
  • Du er målbevisst og er opptatt av kvalitet i leveransane.
  • Du har gode relasjonelle eigenskapar, er ein lagspelar og serviceinnstilt.
  • Du har evne til å handtere mange ballar i lufta på ein gong
  • Du har god formuleringsevne på norsk, både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Eit nyskapande og kreativt miljø med høgt tempo basert på smidige metodar og Lean-prinsipp.
  • Gode høve til fagleg utvikling blant dyktige og motiverte kollegaer.
  • Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg medarbeidartilfredsheit.
  • Fleksible arbeidsordningar, derunder fleksitid.
  • Løn etter avtale.
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
  • Se vår rekrutteringsfilm:

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004. Helse Vest IKT AS er 100 % eigd av det regionale helseføretaket, Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag ca. 495 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Helse Vest IKT deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren. Helse Vest IKT skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Sektor
Offentlig
Sted
Bergen, Haugesund eller Stavanger, 5052 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 4068 Stavanger
  • 5504 Haugesund
Bransje
IT - maskinvare,
IT
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations,
IT utvikling / IT-sikkerhet,
IT drift og vedlikehold / IT-support,
Produktledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Steinar Aslaksen Hamre
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
91 35 63 69
Følg firma
826 følger dette firmaet

Bergen, Haugesund eller Stavanger, 5052 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 99818369
Sist endret 7. jul. 2017 14:50

Rapporter annonse