Utløpt

Ein av vestlandets viktigste integrasjonsstillingar - Integrasjonsarkitekt

Arbeidsgiver
Integrasjonssenteret
Stillingstittel
Ein av vestlandets viktigste integrasjonsstillingar - Integrasjonsarkitekt
Frist
Snarast
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS
Er du ein dyktig og engasjert person som brenn for å bidra til ei betre og forenkla pasientbehandling?
Ønskjer du å jobbe langsiktig innan ein bransje som står ovanfor store teknologiske løft, med moglegheit til å forme IT-løysingar for eit helsevesen for framtida?


Helse Vest IKT har etablert eit integrasjonssenter med overordna ansvar for systemintegrasjonsarbeidet i Helse Vest. Integrasjonssenteret har det heilskaplege koordinerings-, leveranse- og forvaltningsansvaret for integrasjonstenester, og er med sine 31 dyktige medarbeidarar eit viktig og ettertrakta kompetansesenter innan integrasjon i helsesektoren.

Helse Vest har eit av dei mest komplekse systemlandskapa på Vestlandet, der det kvar dag vert sendt hundretusentals av meldingar i samband med pasientforløp, både eksternt og internt. Datasystem i helsevesenet har dei siste åra vorte heilt sentrale i dei kliniske arbeidsprosessane og behovet for utveksling av data mellom systema er enormt. Det pågår no ein digital transformasjon av helsevesenet som aukar i takt og omfang. Prosjekta er mange og endringstakten høg.

Som integrasjonsarkitekt vil du bli med i eit høgt etterspurd team i vår organisasjon og vere ein sentral aktør i digitaliseringa av helsevesenet.

Du vil få direkte innverknad på korleis lokale, regionale og nasjonale løysingar, som til dømes Vestlandspasienten.no, blir realisert. Du vil bli ein bidragsytar til internasjonale standardar innan helse. Som integrasjonsarkitekt skal du sørgje for at integrasjonane som brukast i spesialisthelsetenesta på Vestlandet held ein god kvalitet, samstundes som dei skal tole den raske teknologiutviklinga vi ser i dag. Hos oss får du ei moglegheit til å utgjere ein forskjell.

Vi søkjer derfor no ein dyktig og motivert integrasjonsarkitekt som kan hjelpe oss på denne reisa!
Kandidatar vert vurdert etter kvart som dei søkjer

Arbeidsoppgåver

  • Bidra i utvikling av strategiar og målarkitektur for integrasjonar i Helse Vest
  • Bidra til at utvikling av integrasjonar skjer i samsvar med gjeldande arkitekturmålbilde.
  • Utarbeide kravspesifikasjon og løysingsdesign for integrasjonar
  • Vere rådgjevar til både klinisk og teknisk personell
  • Delta aktivt i nasjonale prosjekt og samarbeidsarenaer

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå arkitekturarbeid og prosjektarbeid i større organisasjonar
  • Erfaring med utarbeiding av både funksjonell og teknisk kravspesifikasjon
  • Kjennskap til, eller erfaring med teknologistandardar (XML, SOAP, REST, ebXML, BizTalk, etc)
  • Kunnskap og interesse for systemintegrasjon, samhandling og teknologi
  • Kjennskap til integrasjonsplattformer i større organisasjonar
  • Kjennskap til gjeldande integrasjonsstandardar innanfor helsetenesta er ein fordel
  • Kjennskap til systemportefølje i helsesektoren er ein fordel
  • Kjennskap til helsesektoren tel positivt
  • Relevant praksis/erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning

Utdanning

  • Høgskule/universitet, Cand.mag / SIV
  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Eigenskapar

  • Du er ryddig og resultatorientert.
  • Du er initiativrik og glad i utfordringar og likar å jobbe i eit miljø med høgt tempo.
  • Du er målbevisst og er opptatt av kvalitet i leveransane.
  • Du har gode relasjonelle eigenskapar, er ein lagspelar og serviceinnstilt.
  • Du har evne til å handtere mange ballar i lufta på ein gong
  • Du har god formuleringsevne på norsk, både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Eit nyskapande og kreativt miljø med høgt tempo basert på smidige metodar og Lean-prinsipp.
  • Gode høve til fagleg utvikling blant dyktige og motiverte kollegaer.
  • Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg medarbeidartilfredsheit.
  • Fleksible arbeidsordningar, derunder fleksitid.
  • Løn etter avtale.
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
  • Se vår rekrutteringsfilm:

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004. Helse Vest IKT AS er 100 % eigd av det regionale helseføretaket, Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag ca. 495 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Helse Vest IKT deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren. Helse Vest IKT skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Sektor
Offentlig
Sted
Bergen, Haugesund eller Stavanger, 5020 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 4068 Stavanger
  • 5504 Haugesund
Bransje
IT - programvare,
IT
Stillingsfunksjon
IT utvikling / QA/Testing,
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations,
IT utvikling / Systemarkitekt,
IT drift og vedlikehold / IT-support

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Steinar Aslaksen Hamre
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
91 35 63 69
Følg firma
827 følger dette firmaet

Bergen, Haugesund eller Stavanger, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 99817901
Sist endret 7. jul. 2017 14:54

Rapporter annonse