Utløpt

Vaktmeister/ tømrar 60 - 100%

Arbeidsgiver
Rehabiliteringssenteret AiR - klinikk
Stillingstittel
Vaktmeister/ tømrar
Frist
11.08.2017
Ansettelsesform
Fast

Rehabiliteringssenteret treng ny medarbeidar sidan ein av våre solide tilsette no avsluttar arbeidet sitt ved senteret.

Me treng ein dyktig, energisk og allsidig fagperson. Det er ynskeleg å tilsetje ein person med fagbrev som tømrar og breid erfaring frå ulike fag, men også anna fagkompetanse kan vera aktuell. Personlege eigenskapar vert vektlagt.  

Arbeidsoppgåvene er i hovudsak knytt til vedlikehald, ombygging og rehabilitering av bygningsmasse. I tillegg kjem vaktmeistertenester som snorydding og anna. Den tilsette vert del av ei teknisk avdeling som har ansvar for ei stor og velhalden bygningsmasse.

Stillingsstorleiken vert vurdert i tilsetjingsprosessen. Senteret tilbyr eit triveleg og engasjerande miljø, tilsetjing i tråd med tariffavtale og gode pensjonsordningar.


Oppstart i stillinga så snart som råd. Grunna fellesferie ber me dykk ta kontakt med oss frå 7. august.

 

Om arbeidsgiveren

Rehabiliteringssenteret AiR as er ein institusjon i spesialisthelsetenesta, i fjellbygdi Rauland i Vest-Telemark. Verksemda har to einingar; AiR-klinikk og Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering. AiR-klinikk er landets største klinikk innan arbeidsretta rehabilitering, og her er målet å hjelpe personar med funksjonssvikt tilbake i arbeid gjennom tverrfagleg rehabilitering. Dette har vore kjerneaktiviteten ved institusjonen sidan starten i 1986.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Haddlandsvegen 20, 3864 Rauland
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Håndverker

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eivind Huso
Telefon
35 06 28 00
90 61 67 67
Følg firma
31 følger dette firmaet

Haddlandsvegen 20, 3864 Rauland

Annonseinformasjon

FINN-kode 99761954
Sist endret 13. aug. 2017 00:25

Rapporter annonse