Utløpt

Avdelingsleiar i Heimetenestene

Arbeidsgiver
Gol kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar i Heimetenestene
Frist
10.08.2017
Ansettelsesform
Fast

Gol kommune har ledig 100 % fast stilling som leiar ved Heimetenestene.

Heimetenester gir tenester til dei som bur i eigen heim og i våre 43 omsorgsbustader. Dei som bur der får tenester frå heimetenestene etter behov/vedtak.

Omsorgstenestene er for tida inne i ein spennande prosess der vi arbeider med ein framtidsretta organisering av tenestene, ei organisering som også tek høgde for dei nye utfordringane kommunane har med samhandlingsreforma.
Kommunane i Hallingdal har eit utstrakt samarbeid på mange område, og arbeider for å løyse nokon av utfordringane i fellesskap. Vi jobbar bla med eit prosjekt innan velferdsteknologi og i Gol har vi fokus på heimerehabilitering og aktivitet.

Det er eit ønske om størst mogleg grad av tverrfagleg samarbeid i avdelinga og einingane.

Avdelingsleiar  er delegert det administrative og budsjettmessige ansvar for eininga i tillegg til personalansvar og fagleg ansvar. Avdelingsleiar rapporterer til kommunalsjef og sit i leiargruppa for helse og omsorg.

Ansvar og arbeidsoppgåver:
*  Leie verksemda i tråd med overordna planer og sørgje for at pålagte oppgåver skjer i samsvar med gjeldande
faglege og rettslege rammer
*  Sørgje for at eininga tek i vare sine primære oppgåver innan utgreiing, behandling, undervising og informasjon
overfor pasientar og pårørande
*  Sikre fagutvikling, forsking, og kvalitetssikring ved eininga
*  Sikre rapportering, evaluering og strategisk initiativ knytt til aktivitetsmål
*  Sikre god rekruttering og eit godt arbeidsmiljø som gir utgangspunkt for fagleg og personleg utvikling for alle
medarbeidarar
*  Etablere og ta i vare god samhandling med samarbeidspartnarar på første - og andre-line nivå

Vi søkjer:
Vi søkjer ein synleg og samlande leiar som er kreativ og initiativrik.

Kvalifikasjonar:
*  Høgskuleutdanning innan helsefag
*  Helst relevant tilleggsutdanning
*  Kompetanse innanfor offentleg forvaltning, lov og avtaleverk
*  Leiareigenskapar
*  Erfaring og forståing for ulike brukargrupper sine behov
*  Helst kunnskap om turnusplanlegging
*  Gode IKT-kunnskapar
*  Beherskar norsk både skriftleg og munnleg

Vi ynskjer at du:
*  Er tydeleg, målretta og positiv, med gode evner til å kommunisere
*  Har erfaring med personalleiing, økonomi/budsjett og driftsoppgåver
*  Er strukturert og prosessorientert med fokus på løysingar og resultat
*  Har evne til dialog og samarbeid
*  Har humør og kan inspirere, motivere og rettleie dei tilsette

Vi tilbyr:
*  Mange, varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
*  Fagleg veiledning og moglegheit for vidareutdanning
*  Tverrfagleg samarbeid og nettverksgrupper både internt og i Hallingdal
*  Løn og tilsetjingsvilkår etter avtale

Om arbeidsgiveren

Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har ny grunnskule og snart ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
GAMLEVEGEN 4, 3550 Gol
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Leder, leiar, heimetenester, hjemmetjenester

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Aud Torill Sæbø
Stillingstittel
Kommunalsjef for helse og omsrog
Telefon
91 67 39 48
Kontaktperson
Arild Skorstad
Stillingstittel
Områdeleiar heimetenesten
Telefon
91 67 39 52
Følg firma
21 følger dette firmaet

GAMLEVEGEN 4, 3550 Gol

Annonseinformasjon

FINN-kode 99751436
Sist endret 12. aug. 2017 00:22

Rapporter annonse