Utløpt

Har du erfaring frå konservering og ønskjer å jobbe med historia til Norsk Tollmuseum?

Arbeidsgiver
Tolletaten Administrasjonsavdelingen
Stillingstittel
Tolldirektoratet søkjer ein mellombels gjenstandskonservator/målerikonservator
Frist
30.07.2017
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Tolletaten

Norsk Tollmuseum skal no flytte ut av Tollbugata i Oslo. Alle gjenstandane til museet er pakka ned og skal registrerast, dokumenterast, fotograferast og konserverast i høvelege lokale. I alt har museet mellom 2500 og 3000 gjenstandar som speglar historia til Tolletaten. Museet inneheld mellom anna bøker, fotografi, møblar, våpenskjold, stempel, uniformer og diverse beslagsartiklar. Dei eldste frå 16321639, og dei yngste er frå i dag. Vi ser etter deg som skal ha ansvaret for å konservere gjenstandane for nedpakking til magasin.

Stillinga er mellombels frå september 2017 til og med februar 2018, med høve til forlenging i ytterlegare seks månader. Du vil vere ein del av eit mindre team, mellom anna registrator, fotograf og konservator.

 

Kompetansekrav:

  • relevant utdanning på minimum bachelornivå
  • relevant arbeidserfaring
  • ein fordel med erfaring innanfor bruk av IT-verktøyet primus
  • nøyaktig i arbeidet
  • omgjengeleg, teamfokusert og positiv

 

Vi tilbyr:

  • varierte oppgåver i eit inspirerande arbeidsmiljø
  • trivelege og kompetente kollegaer
  • ei fleksibel arbeidstidsordning
  • pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • lønn som rådgivar etter Statens regulativ kr 439 600-466 500

 

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli lagd til rette ved behov.

Dersom du ønskjer å reservere deg frå å bli oppført på offentleg søkjarliste, må du opplyse om og grunngi det i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedd om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du blir varsla dersom reservasjonen ikkje blir teken til følgje.

Ta gjerne kontakt med prosjektleiar Torill Sevild på telefon 916 69 530 dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga. Du må ta med originale attestar og vitnemål dersom du blir kalla inn til intervju.

Søknadsfrist: 30.07.2017

Stillingsnummer: 24/2017

Om arbeidsgiveren

Tolletaten er ein viktig samfunnsbeskyttar og grenseetat som har som hovudoppgåve å verne samfunnet mot ulovleg inn- og utførsel av varer og leggje til rette for korrekt og effektiv vareflyt over grensene. Vi tilbyr spennande og krevjande arbeidsoppgåver i ein organisasjon i endring. Vi er organiserte i eit sentralt direktorat og seks operative tollregionar og rapporterer til Finansdepartementet.

Sektor
Offentlig
Sted
0191 Oslo
Bransje
Museer, gallerier og kulturminne,
Politi og sikkerhet,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Sikkerhet,
Koordinering,
Kvalitetssikring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Seniorrådgiver Torill Østrem Sevild
Telefon
22 86 03 98
Følg firma
2705 følger dette firmaet

0191 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 99169987
Sist endret 14. jul. 2017 13:43

Rapporter annonse