Utløpt

Pedagogisk leiar i barnehage nær fjære og eventyrskog

Arbeidsgiver
Øygarden kommune
Stillingstittel
pedagogisk leiar
Frist
14.06.2017
Ansettelsesform
Fast

 

 

Kort om stillinga
I øygarden kommune har frå 01.08.2017  ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar ved Tjerldstø barnehage.

Tjeldstø barnehage ligg i nordre del av kommunen. Barnehagen ligg i eit eldre bygg som vart pussa opp og teken i bruk
i 2005. Bygget er stort og romsleg, med mange gode grupperom og utsikt over fjorden. Det er landlege omgjevnader
ikring oss, og vi har fotballbane, fjære, eventyrskog og bondegardar i nærområdet vårt.

Våre satsingsområder er sosial- og emosjonell kompetanse og kystkultur. Vi jobbar med dei pedagogiske programma
De Utrolige Årene og Dinosaurskulen, og har eit tett samarbeid med Skjergardsheimen leirskule.Barnehagen
fokuserer på eit sundt kosthald, der fisk, frukt og grønsaker er viktige ingrediensar, og vi står i den anledning registrert
som fiskesprell-barnehage og 5 om dagen-barnehage.

Kvalifikasjoner for stillinga
Utdanning som offentleg godkjent  barnehagelærar

Vi ser etter kandidatar som
Har stor innsatsvilje, og som er engasjert og motivert for arbeidsoppgåvene
Vil bidra il vidareutvikling av barnehagen
Har gode samarbeidseigenskapar
Er positiv og løysningsorientert
Er opptatt av barnet i fokus
Helst har gjennonført grunnopplæringa i De Utrolige Årene, og som i tillegg er intressert i sjø, fiske og båtliv

Vi tilbyr
Løn etter tariff og lokalt tillegg kr 31.000 i 100% stilling.

 

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er ein kystkommune nordvest for Bergen med 4900 innbyggjarar. Reisetid frå Bergen til tettstaden Rong er ca. 40 minutt.I Øygarden finn du ilandføringsanlegg for olje og gass, store næringsareal og attraktive byggjetomter. Øygarden har vore MOT-kommune sidan 2001. Blant dei tilsette vert MOT brukt for å byggja positivt arbeidsmiljø og gode tenester.

Sektor
Offentlig
Sted
TERNHOLMVEGEN 2, 5337 Rong
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Pedagogisk leder,
Barnehage / Barnehagelærer

Nøkkelord

pedagog, barnehagelærar, førskulelærar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hilde Sture Ervik
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
56 38 54 70
Følg firma
132 følger dette firmaet

TERNHOLMVEGEN 2, 5337 Rong

Annonseinformasjon

FINN-kode 97050267
Sist endret 24. mai 2017 13:39

Rapporter annonse