Utløpt

Me søkjer lærar til Frøyland ungdomsskule

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Lærer
Frist
05.06.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Me søkjer

Lærar i 100% fast stilling, fortrinnsvis med norsk som fag. Stillinga er ledig frå 01.08.2017.

 

Om arbeidsplassen

Frøyland ungdomsskule er ein skule med om lag 120 elevar. Skulen ligg fint til i nye lokale

med fantastisk utsikt over Frøylandsvatnet. Skulen har eit godt arbeids- og læringsmiljø

og alle elevar og lærarar bruker iPad som læringsverktøy i skulekvardagen. Me er opptekne

av å vera innovative og framtidsretta når det gjeld bruk av teknologi for å fremja læring.

 

Gjennom UiU (ungdomstrinn i utvikling), jobbar skulen med å utvikla seg som ein

lærande organisasjon. Skulen har ein aktiv utviklingsplan og eit kollegium som har jobba

med utvikling over tid. Frøyland Ungdomsskule er ein skule i Jærskulen,

og samarbeider i nettverk med andre skular. Frøyland ungdomsskule er ein Olweusskule og jobbar

systematisk med mobbing i skulen. Me er opptekne av at alle elevar skal ha eit trygt og godt skulemiljø.

 

 

Kvalifikasjonar

- Godkjent lærarutdanning - almennlærar eller GLU 5-10

- Norsk i fagkretsen

- Andre fagkombinasjonar kan verta vurdert

 

Om arbeidsoppgåvene

Det er behov for kontaktlærar og faglærar på ulike trinn, og arbeidsoppgåva vil kunne

justerast etter søkjar sine kvalifikasjonar.

 

Eigenskapar

- Du vil det beste for elevane, er oppteken av elevar og elevane sitt læringsutbytte

- Du ser kvar og ein elev, og er oppteken av at alle skal ha eit utbytte av undervisninga

- Du er ein raus og tydeleg klasseleiar

- Du må vera strukturert og sjølvstendig

- Du er open for å vera i ei kontinuerleg læringsprosess - me lærer i jobben

- Du må vera innstilt på å arbeida i ein digital skule, då IKT er ein naturleg del av

   elevane og lærarane sin skulekvardag

 

Me tilbyr

- Ein variert og spennande jobb med greie og flotte elevar og gode kollegaer

- Ein arbeidsplass med stort fokus på innovasjon, utvikling, læringsmiljø og læring

 

Det er krav om politiattest for tilsetjing i stillinga.

 

Elektronisk søknadsprosess

Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved

attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

 

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde,

sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

 

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til

å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

 

Kontaktperson

Siri Svanøe Endresen, tlf: 51776480, mobil: 414 37 427, siri.endresen@time.kommune.no

Om arbeidsgiveren

Bryne er byen på Jæren og er kommune- og skulesenter i Time kommune.
Regionssenteret Bryne er drivkraft for næring,læring og kultur. Time kommune har om lag 17 900 innbyggjarar. I Brynebyen bur det ca. 10 000 innbyggjarar og det er lett å koma hit.
Med toget tek det 30 minutt frå Stavanger, 15 minutt frå Sandnes stasjon og 35 minutt frå Egersund.

Sektor
Offentlig
Sted
Arne Garborgsvei, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

ungdom, skole, lærer, sport, elev

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Siri Endresen
Stillingstittel
Rektor
Telefon
51 77 64 80
41 43 74 27
Følg firma
605 følger dette firmaet

Arne Garborgsvei, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 97048188
Sist endret 7. jun. 2017 01:36

Rapporter annonse