Vil du vera med og utvikla ein av Nordens flottaste fjelldestinasjonar?

Arbeidsgiver
Myrkdalen Fjellandsby AS
Stillingstittel
Eigedomssjef
Sted
Vossestrand
Frist
07.05.2017
Varighet
Fast
Myrkdalen er i rivande utvikling, og me søkjer derfor etter ein engasjert og dyktig person til nyoppretta stilling som Eigedomssjef. Myrkdalen ynskjer å posisjonera seg ved å trekkja på naturbaserte og folkekulturelle verdiar som er unike for staden; Myrkdalen – på naturlig vis!
 
Som Eigedomssjef vil du vera ansvarleg for all eigedomsutvikling i sentrumsområdet av Myrkdalen Fjellandsby, samt førestå den daglege leiinga og gjennomføring av eigen portefølje. Du vil ha ansvar for prosjektering, anbod og oppfølging/byggjeleiing knytt til prosjekt i sentrumsområdet. Du vil ha stor påverkingskraft og inngå i konsernleiinga.  
 
Sentrale arbeidsoppgåver:  
  • Sikra leveranse på mål for økonomi, framdrift, HMS og kvalitet     
  • Kommersielt ansvar for utleige, oppfølging og drift av næringsareal i sentrumsområdet     
  • Delansvar for strategiske- og offentlege prosessar     
  • Bidra på tvers av selskapet sine verksemdsområde.     
  • Etablere og ivareta kunde/marknad     
  • Ansvar for å sikre etterleving av Myrkdalen Fjellandsby sine verdiar og retningslinjer      
Ynskja kvalifikasjonar:  
  • Høgare utdanning frå høgskule, universitet eller anna relevant     
  • Minimum 5 års erfaring frå eigedomsutvikling, entreprenør, byggherre eller rådgivar.     
  • Leiarerfaring frå prosjektleiing eller anna leiarerfaring.     
  • Gode resultat frå marknadsarbeid, prosessleiing, forhandlingar og samhandling     
  • Gjerne erfaring frå sal; meklarerfaring vil vera ein sterk kvalitet  
Me ser etter deg som:  
  • Er ein god formidlar av verdiane til Myrkdalen Fjellandsby
  • Har høg etisk standard og atferd     
  • Sterkt fokus på sikkerheit/HMS     
  • Er kremmar og har god kommersiell teft     
  • Har sterk gjennomføringskraft     
  • Ser moglegheiter og tør å utfordre     
  • Har nettverk, kunnskap og interesse for eigedom   
Me kan blant anna tilby:   
  • Stor fridom til å påverke utviklinga av ein heilt ny, leiande fjelldestinasjon     
  • Verta del av eit ungt, dynamisk og ekstremt framoverlent konsern     
  • Solide, langsiktige eigarar     
  • Mogelegheit for å kombinere jobb med aktiv fritid     
  • Industriell sentrumsutvikling     
 
Ved spørsmål kontakt ein av våre rådgjevarar hjå Headvisor; Bjørn Horne (91161390) eller Janne Siri Horne (90721164).  
 
Kortfatta søknad med CV sendast snarast og innan 07. mai 2017. Alle spørsmål til våre rådgjevarar vert handsama fortruleg inntil anna vert avtala.

Om arbeidsgiveren

Myrkdalen Fjellandsby AS driv eigedomsutvikling og reiselivsrelatert verksemd i Myrkdalen i Voss Kommune. Vår visjon er å verta Nordens beste heilårs fjelldestinasjon for heile familien. Selskapet er organisert i ein konsernmodell, kor eigedomsutvikling er ein del av aktiviteten i morselskapet Myrkdalen Fjellandsby AS. Frå fyrste spadetak i landsbyen i 2002 har ein hittil utvikla 550 fritidseigedomar, bygd Myrkdalen Hotel med 112 rom og utvikla Vestlandets største alpinanlegg. Konsernet har i vintersesongen ca 200 tilsette, og omset i 2017 for ca 250 mNOK. For meir informasjon, sjå www.myrkdalen.no

Nettverk
Twitter
Sektor
Privat
Sted
Klypeteigane
5713 Vossestrand
Bransje
Bygg og anlegg
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
HMS / HMS
Kvalitetssikring / Kvalitetssikring
Prosjektledelse / Prosjektledelse

Nøkkelord

Gjennomføringskraft, Kommersiell-teft, Prosjektledelse, Eiendomsutvikling, Samarbeidsevner

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 93883754

Sist endret: 21. apr 2017 08:48

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørn Horne
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
911 61 390
Kontaktperson
Janne Siri Horne
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
907 21 164
186 følger dette firmaet

Søk på stillingen

Frist
07.05.2017

Klypeteigane, 5713 Vossestrand

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 93883754

Sist endret: 21. apr 2017 08:48