Utløpt

Forskingsformidlar ved Institutt for informasjons- og medievitskap - vikariat

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Forskningsformidler
Frist
15.04.2017
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Universitetet i Bergen

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap er det ledig eit vikariat i to år som forskingsformidlar/førstekonsulent. Forskingsformidlar er ansvarleg for drifta av den norske avdelinga av Nordisk informasjonssenter for medie- og kommunikasjonsforsking.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Innhenting av opplysningar om og registrering av forsking
  • Formidling av norsk medie- og kommunikasjonsforsking i samarbeid med MedieNorge.
  • Drive aktivt informasjonsarbeid i forskingsmiljøet om initiativ og aktivitetar som er av interesse for miljøet
  • Fungere som assisterande redaktør for det populærvitskapelege tidsskrifta Nordicom Information som blir utgitt to gangar i året
  • Anna arbeid ved instituttet ved behov og kapasitet

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad eller doktorgrad i medievitskap.
  • Interesse for, og kjennskap til, bibliografisk arbeid og databasar. Relevant praksis frå feltet er ein føremon
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk. Kjennskap til andre språk er ein føremon
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og evne til å kunne arbeide sjølvstendig

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som førstekonsulent etter lønssteg 48-53 (kode 1408/LR 21.8), i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 419 100 - 449 800. Eventuell søker med ph.d.-grad vil bli lønna etter lønssteg 57 som for tida utgjer kr. 486 100 - 489 300. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Leif Ove Larsen, tlf. 55 58 41 16 eller professor Ingela Wadbring, director and editor NORDICOM, tlf. + 46 31 786 66 40, e-post: ingela.wadbring@nordicom.gu.se.

 

Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via Søk stillinga .

 

Søknaden skal merkast 2017/4033

 

Søknadsfrist: 15. april 2017

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Om arbeidsgiveren


Sektor
Offentlig
Sted
postboks 7802, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor,
Journalist
Følg firma
1204 følger dette firmaet

postboks 7802, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 93094129
Sist endret 24. mar. 2017 13:14

Rapporter annonse