Utløpt

Kontrollingeniør automasjon - Ryfastprosjektet

Arbeidsgiver
Statens vegvesen Region vest
Stillingstittel
Kontrollingeniør automasjon - Ryfastprosjektet
Frist
02.04.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statens Vegvesen

 

Vil du ta del i bygginga av eit av Noregs største vegprosjekt? 

Prosjektet vart endeleg godkjent av Stortinget i juni 2012 og byggestart på første entreprise var i november 2012. No er både Ryfylketunnelen, Hundvågtunnelen og Eiganestunnelen under bygging. Prosjektet er lokalisert i prosjektkontor på Våland i Stavanger, med ein byggherreorganisasjon på om lag 50 medarbeidarar, og er planlagt ferdigstilt i 2019.

Stillinga er fast i Statens vegvesen Region vest, ved prosjektslutt blir personell overført til andre relevante oppgåver i byggherrepoolen i regionen.

Aktuelle arbeidsoppgåver vil vere:
oppfølging av styre- og overvåkingssystem, nettverks - kommunikasjonsløysingar for prosjektet sine tunnelanlegg
oppfølging av elektroinstallasjonar
rapportera og følgje opp kvalitet og framdrift
følgje opp HMS og entreprenøren sitt kontraktarbeid
avslutte og dokumentere gjennomførte tiltak

Kvalifikasjonskrav:
Du må ha omfattande og relevant erfaring frå store bygge- eller anleggsprosjekt, helst meir enn 10 år, og gjerne frå oppfølging av anleggsprosjekt innan samferdsel. Utdanning frå teknisk fagskule eller høgskule, minimum 2 år, med relevant fagkombinasjon, automatiseringsteknikk, kybernetikk el.l. samt fagrev som automatiker. For kandidatar med allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Du må ha førerkort klasse B.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi legg vekt på:
at du er initiativrik og har gode kommunikasjonsevner
at du er sjølvstendig, målretta og jobbar strukturert
generelt gode datakunnskapar
at du har kunnskap om regelverk og forskrifter innan relevante fagfelt
gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
gode samarbeidsevner og at du er aktivt med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø
fleksibilitet til arbeidsoppgåver

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:
introduksjonsprogram og fadderordning
fleksitid og gode ordningar for avspasering
pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

For nærare informasjon - kontakt:
Prosjektleiar Gunnar Eiterjord, mobilnr: 918 77 089 eller byggeleiar Lars Martin Rage, mobilnr 480 41 420.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

 

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 4015 Stavanger
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Teknisk personell

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gunnar Eiterjord
Telefon
918 77 089
Følg firma
2191 følger dette firmaet

Askedalen 4, 4015 Stavanger

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

Rapporter annonse

FINN-kode 91643371
Sist endret 28. feb 2017 15:41