Inaktiv

Eigedomsmeklar/Eigedomsmeklarfullmektig - Søre Sunnmøre

Arbeidsgiver
EiendomsMegler 1 - Midt-Norge AS
Stillingstittel
Eigedomsmeklar/Eigedomsmeklarfullmektig - Søre Sunnmøre
Frist
12.03.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med EiendomsMegler 1
Eigedomsmeklar/Eigedomsmeklarfullmektig til vårt kontor på Søre Sunnmøre  Vi tilbyr ein spanande jobb med varierte arbeidsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og ansvar. Som tilsett hos ein av "Norges Beste Arbeidsplasser" vert du ein viktig aktør i eit unikt og dynamisk arbeidsmiljø. EiendomsMegler 1 Midt-Norge er samlokalisert med SpareBank 1 Søre Sunnmøre, og våre meklarar jobbar tett saman med finansrådgjevarane i banken for å finne gode løysingar for konsernet sine kundar. Vi legg vekt på at alle våre tilsette skal synleggjere heile konsernet sitt marknadstilbod i sitt arbeid.  Du vert utfordra til å lyfte prestasjonskulturen i vår verksemd. Vi er på jakt etter deg som likar å sjå resultat og er villig til å jobbe hardt for å nå dine mål. Du må vere serviceinnstilt og framstå som ein profesjonell ressurs for våre kundar og tilsette.  Du må ha bestått meklareksamen på eigedomsmeklarstudiet, teke overgangseksamen eller vere utdanna jurist. Søkjarar med bevilging vil verte føretrekt. Arbeidsstad vil vere i Ørsta, med Søre Sunnmøre som marknadsområde slik at ein må pårekne ein del køyring. Det vil verte gjeve opplæring i eit inspirerande og tilrettelagt arbeidsmiljø.  Vi søkjer ein eigedomsmeklar som; - er fagleg trygg - er lojal, initiativrik og oppriktig i samspel med interne og eksterne aktørar - har god arbeidskapasitet - har evne til å samarbeide og skape tillit - har god skriftleg og munnleg framstillingsevne - har godkjende kvalifikasjonar som eigedomsmeklar, meklar, eigedomsmeklarfullmektig eller jurist  Vi tilbyr; - konkurransedyktige vilkår - gode rammer for medarbeidarutvikling - gode personalforsikringar og tilsettevilkår - gode lånevilkår gjennom SpareBank 1 SMN  

Om arbeidsgiveren

EiendomsMegler 1 er eit av landet sine leiande meklarføretak, og er eit heileigd dotterselskap av SpareBank 1 SMN, SpareBank 1 Nordvest og SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Selskapet driv med formidling av brukte og nye bustadar, fritids-, landbruks- og næringseigedomar. EiendomsMegler 1 har 260 tilsette og 28 kontor. I våre nedslagsfelt Trøndelagsfylka og Møre og Romsdal, har vi den høgste marknadsandelen. I 2016 vart EiendomsMegler 1 kåra til Noreg sin beste arbeidsplass gjennom Greate Place to Work Institute si årlege kåring.

Sektor
Privat
Sted
Vikegata 25, 6150 Ørsta
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
Megler

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eva Haugen Øye
Stillingstittel
Avdelingsleiar/eigedomsmeklarfullmektig
Telefon
90 05 95 65
Kontaktperson
Thomas Johnsen
Stillingstittel
Salgssjef
Telefon
92 28 86 36
Følg firma
242 følger dette firmaet

Vikegata 25, 6150 Ørsta

Annonseinformasjon

FINN-kode 91496762
Sist endret 15. mar. 2017 15:47

Rapporter annonse