Utløpt

Styrar i Varhaug idrettsbarnehage

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Styrar
Frist
19.03.2017
Ansettelsesform
Fast

Innafor tenesteområdet opplæring og kultur blir det frå august ledig 100% stilling som styrar i Varhaug idrettsbarnehage. Idrettsbarnehagen har i underkant av 4 avdelingar, og omlag 14 tilsette. Barnehagen er fem år gammal og ligg sentralt på Varhaug, mellom Varhaug ungdomsskule og idrettsanlegget i bygda. Varhaug idrettsbarnehage er en aktiv barnehage som er opptatt av at barn får oppleve bevegelse og mestring i ein sunn kvardag. Leik, læring og utvikling er sentralt i dette arbeidet.

Personale har brei kompetanse, med barnehagelærarar, idrettspedagogar og barne- og ungdomsarbeidarar. Barnehagen er representert med begge kjønn, har eit godt arbeidsmiljø og opptatt av å løfte i lag. Som styrar vil du leia arbeidet med å  vidareutvikle Varhaug idrettsbarnehage.  Du blir også ein del av eit engasjert, kompetent og utviklingsretta styrarkollegium, og får medverke i kommunen sitt utviklingsarbeid.

Me ønskjer oss ein leiar som:
o kan lede medarbeidarar og som er relasjonsorientert
o er innstilt på samarbeid og har evne til å arbeide sjølvstendig
o bidrar til endringsarbeid
o bidrar til at barnehagen er ein lærande organisasjon
o trivst saman med barn og føresette
o er fleksibel og har godt humør
o bidrar i styrarkollegiet
o har gjennomføringsevne

Kvalifikasjonar:
o godkjent pedagogisk utdanning
o erfaring frå barnehagen
o leiar- og/el anna relevant etterutdanning
o ønskjeleg med leiarerfaring

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Politiattest:
Politiattest nyare enn 3 månader må leverast før tiltreding i stilling.

Tilsetjingsvilkår:
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.  Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad kan sendast
Hå kommune oppfordrar alle til søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt dersom du ikkje har høve til det.

Om arbeidsgiveren

Hå kommunes administrasjonssenter ligger på Varhaug, ca. 40 minutter med tog fra Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggere, velfungerende skoledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbud og levekår. I tillegg til et rikt og variert kultur- og idrettstilbud finner man flotte tur- og friluftsområder. Hå kommunes visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønsker oss medarbeidere som kan identifisere seg med vår visjon og våre verdier!

Nettverk
Facebook, X
Sektor
Offentlig
Sted
Opstadvegen 587, 4360 Varhaug
Bransje
Offentlig administrasjon,
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Styrer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hildegunn S. Husveg
Stillingstittel
Barnehagesjef
Telefon
99 21 48 06
Følg firma
201 følger dette firmaet

Opstadvegen 587, 4360 Varhaug

Annonseinformasjon

FINN-kode 91413238
Sist endret 24. feb. 2017 12:38

Rapporter annonse