Utløpt

Førsteamanuensis/førstelektor/universitetslektor i forming

Arbeidsgiver
Universitetet i Stavanger
Stillingstittel
Førsteamanuensis/førstelektor/universitetslektor i forming
Frist
17.03.2017
Ansettelsesform
Fast

Søknadsfrist: 17.03.2017

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som førsteamanuensis/førstelektor/universitetslektor i forming ved Det humanistiske fakultetet, Institutt for barnehagelærarutdanning. Stillinga er ledig frå 01.08.2017.

Fagområdet for stillinga er forming i barnehagelærarutdanninga.

Arbeidsoppgåvene vil vere undervisning, rettleiing, og eksamensarbeid relatert til det aktuelle fagområdet, samt administrative oppgåver. For søkarar med førstekompetanse er forsking også ei av arbeidsoppgåvene, og den tilsette vil få avsett tid til forsking etter avtale.

For tilsetting i stilling som førsteamanuensis er det krav om doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innanfor fagområdet. For tilsetting i stilling som førstelektor er det krav om vitskapleg arbeid knytt opp til fagområdet, som i omfang svarar til ei doktorgrad. For tilsetting i stilling som universitetslektor er det krav om hovudfag/mastergrad innanfor fagområdet.

I tillegg til vitskaplege kvalifikasjonar vil det bli lagt vekt på relevant yrkespraksis frå barnehage, skole eller høgare utdanning. Formingspedagogisk/-didaktisk kompetanse vil bli særlig vektlagd. Det vert lagt vekt på evne til fagleg samarbeid, både innanfor kunnskapsområdet Kunst, kultur og kreativitet og på tvers av fagfelta i barnehagelærarutdanninga.

Den som blir tilsett må også kunne dokumentere pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning, eller ta imot tilbod om universitetspedagogisk kurs i løpet av ein periode på to år frå tiltreding. Søknaden bør innehalde ein refleksjon over egen undervisningskompetanse.

Bruk av varierte undervisningsmetodar er eit satsingsområde ved universitetet. Den som blir tilsett må vere innstilt på å ta i bruk ulike metodar og ulike digitale læringsressursar.

Den som blir tilsett skal det første året delta på NyTi, som er universitetets rettleiings- og integreringsprogram for nytilsette som skal undervise.

Undervisningsspråket vil normalt vere norsk. Den som blir tilsett, må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk skriftleg og munnleg, eller tileigne seg denne kompetansen i løpet av ein periode på to år. Den som blir tilsett, må òg vere førebudd på å gje undervisning på engelsk.

Dersom det ikkje melder seg fullt ut kvalifiserte søkarar, kan det bli aktuelt å tilsetje mellombels for inntil tre år med sikte på kvalifisering og fast tilsetting. Søkaren må vurderast å ha føresetnad for å skaffe seg dei naudsynte kvalifikasjonane i løpet av tilsettingsperioden.

Stillinga blir lønna etter statens lønnsregulativ, l.pl 17.510, førsteamanuensis/førstelektor kode 1011/1198, kr 500.000 - 600.000 bto pr år. Universitetslektor kode 1009, LR 25, kr 449.800 - 546.400. I særskilte tilfelle kan høgare lønnsplassering bli vurdert.

Stillinga gjev automatisk medlemskap i Statens Pensjonskasse, som sikrar gode pensjonsrettar. Medlemmar kan søkje bustadlån til gunstige vilkår.

Stillingsomtalen gjer nærare greie for fag- og ansvarsområde, arbeidsoppgåver, kvalifikasjonskrav og andre tilhøve som vil bli vektlagde ved tilsetting.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Rudy Garred, tlf 51 83 35 39, epost rudy.garred@uis.no eller til universitetslektor Per Madland Schjelderup, tlf 51 83 34 38, epost per.m.schjelderup@uis.no. Opplysningar om tilsetjingsprosessen kan ein få ved å vende seg til Camelia Danaei, epost camelia.danaei@uis.no.

Du må registrera søknaden i eit elektronisk skjema på jobbnorge.no. Relevant utdanning og erfaring skal registrerast i skjemaet. Vitnemål, attestar, publikasjonsliste, inntil 15 publikasjonar og ev annan dokumentasjon som du ønskjer det skal takast omsyn, ber vi deg laste opp som vedlegg til søknaden i separate filer. Dersom vedlegga overskrir 15 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

 

Stillingsomtale

Tilsetting gjeld generelt ved Universitetet i Stavanger. Organisatorisk er stillinga knytt til Det humanistiske fakultetet, Institutt for barnehagelærarutdanning.

Fagområdet for stillinga er forming i barnehagelærarutdanninga. Forming inngår i kunnskapsområdet Kunst, kultur og kreativitet , saman med faga musikk og drama.
Stillinga kan bli tillagt undervisningsoppgåver i alle emnene der forming inngår. Dette omfattar emner på bachelor- og masternivå. Stillinga kan og bli tillagt undervisning i fordjupningsemner og i nettbaserte emner. Ein del av arbeidsoppgåvene er knytt til studentane sine praksisperiodar.

Stillingsinnehavaren skal gje undervisning, rettleiing og delta i eksamensarbeid innanfor utlyst fagområde, samt ta på seg administrative oppgåver. For tilsett med førstekompetanse inngår også forsking. Den som blir tilsett, skal saman med det vitskaplege personalet bidra i utviklinga av forskingsmiljøet ved UiS og IRIS.

Det blir forventa at den som blir tilsett, støtter opp om og deltek i all aktivitet ved fakultetet og kan ta på seg oppgåver på tvers av institutt- og fakultetsgrenser.

Universitetet legg vekt på god undervisningskvalitet og krev at den som skal ivareta undervisning har pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning. Pedagogisk kompetanse kan dokumenterast med vitnemål/kursbevis frå relevant formell pedagogisk utdanning knytt til høgare utdanning. Didaktisk kompetanse dokumenterast i form av variert didaktisk arbeid i høgare utdanning. Retningslinjer for vurdering av undervisningskompetanse kan ein få ved å vende seg til fakultetet.

Søkarane vil bli bedømde av ein sakkunnig komité på bakgrunn av innsendt materiale. Hovudvekta i den sakkunnige vurderinga blir lagd på bedømming av dei innleverte vitskaplege arbeida og undervisnings-kompetanse. Erfaring frå popularisering/formidlingsverksemd, fagpolitisk og fagadministrativt arbeid og ev andre dokumenterte kvalifikasjonar med relevans for stillinga kan også bli tillagd vekt.

Opplysningar og materiale som det skal takast omsyn til i den sakkunnige vurderinga, må vere innleverte innan søknadsfristen. Eventuelle referansar skal det informerast om i søknaden eller på førespurnad.

Aktuelle søkarar vil bli innkalla til intervju og prøveforelesing før det blir gitt endeleg innstilling. I den samla vurderinga av søkarane vil òg personlege eigenskapar bli lagt vekt på.

Førsteamanuensis i fast stilling kan, etter nærare fastsette reglar, søkje om kvalifikasjonsopprykk til professor.


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Stavanger (UiS) har om lag 10.700 studentar og 1.560 tilsette. Universitetet ligg i Noregs tredje største byregion, med ein dynamisk arbeidsmarknad og spennande kultur- og fritidsaktivitetar. Vi er einaste norske medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet skal vere ei drivkraft i regionen si kunnskapsutvikling og eit internasjonalt forskingsuniversitet med vekt på nyskaping og innovasjon.Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Institutt for barnehagelærarutdanning, som er ein del av Det humanistiske fakultet, har ansvar for barnehagelærarutdanning, bachelor, mastergradsutdanning i barnehagevitskap samt etter- og vidareutdanningsverksemd for barnehagelærarar.


Instituttet har og ansvar for eit doktorgradskurs og eit halvårleg studieprogram for utvekslingsstudentar, Comparative Educational Studies. Visjonen til instituttet er å vere nyskapande og innovative på forsking og undervisning innanfor barnehagefeltet. Verksemda ved instituttet skal pregast av kvalitetar og verdiar knytt til barnehagefeltet, som openheit og interesse, utforskingstrong og læring, leik og kreativitet, relasjonar prega av ansvar og respekt, samt eit tydeleg samfunnsengasjement. Instituttet skal utdanne kompetente, motiverte og samfunnsengasjerte barnehagelærarar. Det er i dag 45 tilsette og 600 studentar ved instituttet.

Sektor
Offentlig
Sted
Ullandhaug, 4036 Stavanger
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
Følg firma
523 følger dette firmaet

Ullandhaug, 4036 Stavanger

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

Rapporter annonse

FINN-kode 91349791
Sist endret 23. feb 2017 08:19