Utløpt

Verksbetjent - landbruksmekaniker

Arbeidsgiver
Kriminalomsorgen
Stillingstittel
Verksbetjent - landbruksmekaniker
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

ved Åna fengsel er det ledig ein fast stilling i 100 % som verksbetjent - landbruksmekanikar.

 

Organisering:

Arbeidsdrifta inngår i Kriminalomsorgas arbeid med rehabilitering av innsette. På Åna består arbeidsdrifta av 29 tilsette med forskjellig fagkompetanse. Verksbetjenten skal være med å aktivisere innsette og gi dei kompetanse som er relevant for det ordinære arbeidslivet.

Verksbetjent er underlagt verksmeister for gardsdrifta og inngår i ei gruppe med fleire verksbetjentar.

 Arbeidsoppgåver:

Verksbetjenten skal ha ansvaret for stell og vedlikehald av traktorar, anleggsmaskinar og reiskapar.

Verksbetjenten skal leia innsette i arbeid innan landbruksmekanikarfaget og elles oppgåver innan gardsdrifta/arbeidsdrifta.

I samarbeid med skulen skal verksbetjenten auka den innsettes kompetanse og arbeidserfaring. Verksbetjenten er med å utvikla positive og motiverande arbeidsplassar for innsette.

 Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev innan landbruksmekanikarfaget og/eller innan anleggsmaskinmekanikarfaget.
  • Søkjarar med andre fagbrev innan mekaniske fag kan bli vurdert.

 Vi ser etter ein person som er:

  • Initiativrik og innehar evne til å motivera medarbeidarar.
  • Interessert i å arbeida med innsette.
  • Kreativ og fleksibel.
  • God til å samarbeida og til å kommunisera.
  • God til å formulera seg på norsk både munnleg og skriftleg.

 Erfaring innan gardsdrift er ein fordel.

Det vert kravd politiattest utan merknadar ved tilsetjing. 

Løn: Stillingen som verksbetjent vert løna i Statens lønsregulativ LR 39 alt 7, ltr. 37-48, pt. 360.500 - 421.800,- etter ansiennitet.

Frå brutto løn vert trekt 2 % medlemsinnskot til Statens pensjonskasse.

Uniform vert gjeve etter gjeldande reglar.

 Andre opplysningar:

Spørsmål om stillingane kan rettast til inspektør Leif Einar Øverland på tlf. 51799050, verksmeister Andreas Bjorland på tlf. 51799070, eller verksmeister Magnar Sundvor på tlf. 51799057.

 Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegla mangfaldet i befolkninga.

Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttera personar med innvandrarbakgrunn.

Kvinner og personar med innvandrarbakgrunn blir oppfordra til å søkje stillinga.

 

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast elektronisk gjennom jobbnorge.no.

Om arbeidsgiveren

Kriminalomsorgen gjennomfører straffereaksjoner og varetektsfengsling. Region sørvest har det overordnede ansvaret  for kriminalomsorgen i Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder, med fengsler og friomsorgskontorer. Det er ca 600 årsverk i regionen. Regionadministrasjonen er lokalisert i Sandnes. Region sørvest rapporterer til Kriminalomsorgsdirektoratet.

 

Åna fengsel i Hå kommune er eitt av fengsla i Region Sørvest. Fengselet har plass til 164 innsette og har 180 tilsette. Fengselet ligg i eit naturskjønt område ved Nærbø på Jæren. Åna fengsel er eit av dei største fengsla i landet.  Her er eit positivt og godt arbeidsmiljø.


 

Sektor
Offentlig
Sted
Åna,
4365 Nærbø
Bransje
Helse og omsorg,
Politi og sikkerhet,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Håndverker / Mekaniker

Rapportér annonse

FINN-kode
91299594
Sist endret
22. feb 2017 10:25
Følg firma
16 følger dette firmaet

Åna, 4365 Nærbø

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
91299594
Sist endret
22. feb 2017 10:25