Utløpt

Lærarstillingar

Arbeidsgiver
Valle kommune
Stillingstittel
Grunnskulelærar/allmennlærar
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Skuleåret 2017/2018 blir desse stillingane ledige i Valle kommune.

-  3 x100 % fast stilling - grunnskulelærar/allmennlærar, 1-7; matematikk, norsk og engelsk. 

-  100 % vikariat -  grunnskulelærar/allmennlærar,1-7; norsk, matematikk og engelsk.

-  140 % fast stilling ± grunnskulelærar/allmennlærar 1-7; spes ped, musikk og norsk for  framandspråklege.

 

Kvalifikasjonar/arbeidsoppgåver

Vi  søkjer etter  engasjerte og utviklingsorienterte allmennlærarar/grunnskulelærar som vil arbeide for eit godt elev/skulemiljø og med erfaring frå Vurdering for læring. Du må vere aktiv  aktør i skulen sitt utviklingsarbeid, der elven sitt læringsutbytte er hovudfokus. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Evne til samarbeid og utviklingsarbeid i team er viktig.

 

Det er ein kombinasjon av dei ynskte kvalifikasjonane til søkjaren, saman med den eksisterande kompetansen i skulane, som vil danne grunnlag for tilsetjing. Du må oppgi fagområde du har kompetanse til å undervise i, då samtlege fag kan vere aktuelle for tilsetjing. Den som blir tilsett må kunne undervise på nynorsk, då dette er kommunen si målform. For nokre av stillingane kan det bli aktuelt med tilsetjing der ein kombinerer to/fleire arbeidsplassar.

 

Alle kvalifiserte blir oppfordra til å søkje!

 

Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju.

Politiattest blir etterspurd før tilsetjing.

 

For meir informasjon:

  • Valle skule ved rektor Marit Brokke:  991 69 862

  • Hylestad skule ved rektor Else M Tveit  900 78 003

    CV, vitnemål og attestar skal ikkje leggjast ved, men du vil bli spurd om å ta med dette til eit eventuelt intervju. Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500.


    Søkjarliste kan bli offentleggjort også når det blir bede om unnatak frå offentlegheit.


    Søknadsfrist: 12.03.17


    Besøk også våre heimeside:

    http://www.valleskule.no/ - http://www.hylestadskule.no/       





Om arbeidsgiveren

Valle kommune ligg i hjarta av Setesdal, kun 2 timars biltur frå kysten. Kommunen har 2 grender, Valle og Rysstad og har flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1250 innbyggjarar. I grunnskulen er det 2 skular, Valle skule 1. ± 10. trinn med ca. 110 elevar og Hylestad skule 1. - 7. trinn med ca. 50 elevar. Vaksenopplæringa er ei eiga avdeling med ansvar for norsk/samfunnsfag for deltakarar på introduksjonsprogrammet og grunnskuleopplæring/spesialundervisning for vaksne.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Kjellebergsvegen 1
4747 Valle
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
Undervisning og pedagogikk / Undervisning og pedagogikk

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 90894164

Sist endret: 29. mar 2017 12:01

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marit J. Brokke
Stillingstittel
Rektor
Mobil
Vis telefonnummer
Kontaktperson
Else Margit Tveit
Stillingstittel
Rektor
Mobil
Vis telefonnummer

Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 90894164

Sist endret: 29. mar 2017 12:01