Utløpt

Kommunelege

Arbeidsgiver
Lærdal kommune
Stillingstittel
Kommunelege
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. Kommunen ligg inst inne i Sognefjorden, sentralt plassert midt mellom Oslo og Bergen. Det grøne og frodige dalføret er omkransa av mektige fjell- og utmarksområde. Her kan du jakte hjort eller rein, du kan fiske i elv, fjord eller fjellvatn, eller du kan drive anna type aktivt friluftsliv, sommar som vinter.                           

Klimaet i Lærdal er uvanleg godt til å vere på vestlandet. Lærdal er blant dei tørraste og varmaste stadane i Noreg. Visste du til dømes at Lærdal har mindre årsnedbør enn Mallorca? Det gir dei driftige bøndene i bygda gode føresetnader til å dyrke potet, grønsaker, frukt og bær av særs høg kvalitet.

I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Her vert du raskt ein del av eit aktivt og engasjert samfunn som for tida arbeider med mange spennande omstillingsprosjekt.

Lærdal er verskommune for Helse Førde/Lærdal Sjukehus og Sogn lokalmedisinske senter.                                          

                                               

Kommunelege

 

Me har frå 1. mai ledig 100 % stilling som kommunelege i Lærdal kommune knytt til Lærdal helsesenter. Lærdal kommune har i dag 3 fastlegeheimlar og har tilknytt turnuslege. Ein fastlege driv privatpraksis, medan dei andre fastlegane og turnuskandidaten er lokalisert på Lærdal helsesenter. På sikt er det plan om å samle alle tre fastlegeheimlane i eit felles miljø. Kontoret er velutstyrt og har svært kompetente helsesekretærar og sjukepleiar i staben.  

Som ny kommunelege i Lærdal vert du ein del av legevaktssamarbeidet som er organisert gjennom Sogn lokalmedisinske senter, lokalisert ved Lærdal sjukehus. Her vil du gå inn i ein 12-delt legevaktsturnus, samt vere ein del av eit team som har tilsynslegefunksjon ved dei lokale akuttsengene (KAD-sengene)

 

Vi ynskjer medarbeidar som er:

Effektiv og strukturert og metodisk i arbeidet.
Du må vere serviceinnstilt, løysingsorientert og ha gode samarbeidsseigenskapar. Du må ha evne å skapa gode relasjonar med brukarar og andre samarbeidspartnerar.

 

Kvalifikasjonskrav til søkjar:

Norsk autorisasjon som lege.

Erfaring frå norsk helsevesen.

Tilfredstillande politiattest må kunne førevisast før tilsetjing.

Du må beherske norsk språk munnleg og skriftleg.

Kjennskap til norsk helselovgivning, ASA avtalen og fastlegeforskrifta.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

 

Du må elles vere fagleg sterk, vere spesialist eller ha ynskje om spesialisering i allmennmedisin. Vi kan på vilkår støtte utdanning til spesialist.  

 

I stillinga som kommunelege inngår:

Ansvar for 500 listepasientar.

Felles ansvar for legevakt på dagtid.

Deltakarplikt i legevakt/ansvar for legevaktsturnus.

Tilsynslege på sjukeheim.

Helsestasjonslege.

Rettleiing av turnuskandidat.
 

Oppgåvene kan endre seg ved framtidig samling av tre fastlegar til same kontor.

 

Lærdal kommune kan tilby:

Ein spanande og utviklande jobb i ein hektisk kvardag.

Gode kollegaer.

Konkurransedyktige betingelsar.

IA-bedrift med godt tilrettelagte ordningar.

Gunstig pensjonsordning.

Stillinga er fastlønna, løn etter avtale.

Gode permisjonsordning/kurs til spesialisering.


Tiltredelse
01.05.2017
Sektor
Offentlig
Sted
Øyraplassen 7,
6887 Lærdal
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege

Nøkkelord

Kommunelege, lege, legevakt, tilsynslege, helsestasjonslege

Rapportér annonse

FINN-kode
90623603
Sist endret
24. mar 2017 10:21

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Arne Johansen
Stillingstittel
Kommunalsjef helse og omsorg
Mobil
Vis telefonnummer
Kontaktperson
Vivian Kvam
Stillingstittel
Leiar, Lærdal helsesenter
Mobil
Vis telefonnummer

Øyraplassen 7, 6887 Lærdal

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
90623603
Sist endret
24. mar 2017 10:21