Inaktiv

Rådgjevar i grovfôrdyrking og Rådgjevar i frukt- og bærdyrking

Arbeidsgiver
Norsk Landbruksrådgiving Vest SA
Stillingstittel
Rådgjevar jordbruk/ hagebruk
Frist
30.06.2019
Varighet
Fast

I Sogn og Fjordane har vi ledig to faste stillingar, ein for rådgjevar med kompetanse på grovfôrdyrking og ein for rådgjevar med kompetanse på frukt- og bærdyrking. Etter drøftingar med aktuelle søkjarar blir det avgjort om stillinga blir plassert ved kontoret vårt på Leikanger, eller på Sandane.

Arbeidsoppgåver:

 

  • Rådgjeving til medlemane i NLR Vest
  • Vidareutvikle rådgjevingstilboda i regionen saman andre rådgjevarar og samarbeidspartnarar
  • Planlegge og gjennomføre fagmøte, kurs, prosjekt og feltforsøk
  • Informasjonsverksemd
  • Registreringsarbeid i samband med forsøk, plantevern og prognosar


Vi tilbyr:

 

  • Variert og utviklande arbeid i eit aktivt fagmiljø med tru på landbruksnæringa
  • Gode høve for fagleg utvikling og etterutdanning
  • Stor grad av fleksibilitet og ansvar
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Opplæring i arbeidsoppgåvene


Vi ynskjer ein medarbeidar med:

 

  • God og generell kunnskap innan jord- og plantekultur
  • Spesiell interesse og kompetanse for grovfôrproduksjon eller frukt- og bærdyrking
  • Interesse for fagområda økologisk landbruk (begge stillingane) og kulturlandskap (grovfôrstillinga) er ynskjeleg
  • Universitets- eller høgskuleutdanning innan agronomi, gjerne med praktisk erfaring
  • Interesse for å utvikle landbruket i regionen
  • Initiativ, engasjement og gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Eigen bil til disposisjon og positivt syn på ein del reiseverksemd.

 

Om arbeidsgiveren

Norsk Landbruksrådgiving Vest SA er den største landbruksfaglege rådgjevingsorganisasjonen på Vestlandet. Vår region strekkjer seg frå Sunnmøre til Sunnhordland. Vi har om lag 30 rådgjevarar med ulik kompetanse som tilbyr bonden rådgjeving og kunnskapsformidling innan jord- og hagebruk, bygningsplanlegging, økonomi og næringsutvikling, HMS, miljø, kulturlandskap og økologisk landbruk. Vårt mål er å vere bonden sitt fyrsteval innan rådgjeving.

Nettverk
Facebook
Sektor
Samvirke
Antall stillinger
2
Sted
Sandane,
6822 Sandane
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Jordbruk og skogbruk,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Nøkkelord

Rådgjeving, Kursverksemd, Kunnskapsutvikling, Informasjonsverksemd

Rapporter annonse

FINN-kode
89202316
Sist endret
1. jul 2019 00:04

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stine Huseby
Stillingstittel
Fagleiar hagebruk
Mobil
Vis telefonnummer
Kontaktperson
Dag-Arne Eide
Stillingstittel
Fagleiar jordbruk
Mobil
Vis telefonnummer

Sandane, 6822 Sandane

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapporter annonse

FINN-kode
89202316
Sist endret
1. jul 2019 00:04