Utløpt

IKT-konsulent / løysingsarkitekt integrasjonar

Arbeidsgiver
Gol kommune
Stillingstittel
IKT-konsulent / løysingsarkitekt integrasjonar
Frist
05.02.2017
Ansettelsesform
Fast

Det er ledig 100 % fast stilling ved IKT Hallingdal.

Kommunane i Hallingdal har i dag eit samarbeid om dei fleste av sine IKT-løysingar, tufta på felles innkjøp og drift av programvare, maskinvare, interkommunalt nettverk og telefoni-/kommunikasjonssystem. Løysingane vert drifta av IKT Hallingdal, som har utvikla seg frå eit samarbeid mellom dei IKT-tilsette i dei seks kommunane i Hallingdal, til ein interkommunal teneste med 15 tilsette samt lærlingar.

IKT Hallingdal driftar IKT-løysingar for om lag 3 600 brukarar. Det vert også levert tenester til kommunale og interkommunale verksemder og over 20 skuler i regionen.

For å henge med i den raske veksten, spesielt innanfor integrasjonar mellom programvare og fagsystem, samt eksterne system, så ynskjer vi oss ein konsulent som gjer IKT Hallingdal endå betre. Vi ser helst at du har ein god del erfaring frå mellomvare med fokus på handsaming av identitetar og integrasjonar.

Vi søkjer:

*  Erfaring med Identity, helst Microsoft Identity Manager 2016 (erfaring frå annan mellomvare kan også vega tungt)

*  Erfaring med basis Microsoft infrastruktur (AD, DNS, Exchange)

*  Erfaring/kunnskap om drift av tenester i Office 365

*  Erfaring/kunnskap om Microsoft Azure AD og EMS

*  Erfaring med Powershell scripting og gjerne VB, C#, .NET og tilsvarande

*  Ynskje etter å lære meir og stadig bli betre

Kvalifikasjonar:

*  Relevant høgare utdanning, helst innanfor IKT

*  Gode norskkunnskapar, god skriftleg- og munnleg framstillingsevne

*  Gode kommunikasjonsevner med alle nivå i ein organisasjon, med fokus på å forstå behov, finne løysingar og gode resultat - du må ha god dialog med både kunde/brukar so vel som teknisk personale

Vi tilbyr:

*  Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i det største IKT-miljøet i regionen Hallingdal

*  Moglegheiter for utvikling i eit dynamisk og uformelt arbeidsmiljø

*  Fagleg rettleiing og mogelegheit for vidareutdanning

*  Fleksibel arbeidsplass og arbeidssituasjon

*  God pensjonsordning

*  Hjelp til å skaffe bustad og eventuelt barnehageplass

For stillinga gjeld:

*  Løn og tilsetting i samsvar med arbeidsmiljølova, KS Hovudavtale og KS Hovudtariffavtale.

*  Ved tilsettinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og erfaring.



For fullstendig utlysing og innsending av elektronisk søknad, sjå Gol kommune si heimeside: www.gol.kommune.no - Ledige stillingar



Om arbeidsgiveren

Gol er ein kommune med ca. 4.700 innbyggjarar. Kommunen er eit viktig kommunikasjonsmessig knutepunkt, med eit allsidig næringsliv, særleg innan reiseliv, handel og jordbruk. Kommunen kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, og er ein populær handleplass med mange og varierte butikkar.Kommunen har god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
GAMLEVEGEN 4, 3550 Gol
Bransje
IT
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations

Nøkkelord

IKT, konsulent, IT, data, microsoft

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erling Torkelsgard
Stillingstittel
Leiar IKT Hallingdal
Telefon
32 07 86 05
Kontaktperson
\
Stillingstittel
\
Følg firma
21 følger dette firmaet

GAMLEVEGEN 4, 3550 Gol

Annonseinformasjon

FINN-kode 88189246
Sist endret 11. jan. 2017 15:39

Rapporter annonse