Driftsteknikar VVS, Arena Skjold
- Arbeidsgiver
- Forsvarsbygg
- Stillingstittel
- Driftsteknikar VVS, Arena Skjold
- Frist
- 01.01.2017
- Ansettelsesform
- Fast
I stilling som driftsteknikar er du marknadsområdet sitt fremste kontaktledd overfor leigetakar sine brukarar av eigedomane. Du skal syte for at brukarane sine behov for tilfredsstillande EBA løysingar blir løpande ivareteke. Du skal uoppmoda identifisere og ta initiativ til at feil og manglar rettast opp - og utan opphald formidle og følgje opp gjennomføringa av førespurnader du ikkje sjølv kan gjere noko med.
Vi tilbyd spanande moglegheiter i eit moderne og framtidsretta eigedomsselskap for deg som er serviceinnstilt og arbeidsam.
Forsvarsbygg har som mål at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi ønskjer difor ei verksemd der alder, kjønn og etnisitet til våre tilsette er balansert. Vi ønskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom sin personlege og faglege kompetanse.
Forsvarsbygg er underlagd vilkåra i Offentlighetslova - jfr spesielt Offentlighetslova § 25.
Les meir om Forsvarsbygg på nettsida vår www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgåver
- Utføre oppgåver innan tilsyn, service, internkontroll, drift og vedlikehald av bygningar, anlegg og tekniske installasjonar
- Følgje opp og utføre driftstiltak i eigen eigedoms-, bygg-, og anleggsportefølje i høve til driftsplan, i den hensikt å vedlikehalde tilstandsgrad. Oppdage og lukke feil og manglar
- Utføre og følgje opp tildelte serviceordrar
- Utføre innvendig og utvendig drift og vedlikehald på bygningsmassen i Arenaen, under dette løpande og planlagde oppdrag
- Følgje opp eksterne leverandørar og leveransar i eigne bygg
- Delta ved montering/testing/idriftsetjing av nye tekniske anlegg i eksisterande og nye bygningskomponentar. Aktivt melde feil og manglar i garantiperioden
- Syte for korrekt og grundig utfylling av grunnlag for rekvisisjonar, gjennomføre varemottak
- Bidra med innspel til produksjons- og vedlikehaldsplanar
- Hjelpe med råd og rettleiing inn i ulike prosjekt i tilknyting til eigen bygningsmasse, samt hjelpe ved fagspørsmål innan kompetanseområdet
- Delta i tverrfagleg samarbeid på Arena og i Marknadsområdet
- Andre oppgåver kan påleggast etter tilvising frå leiar
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan relevant fagfelt, primært innan VVS/røyr fag
- Lang relevant praksis kan kompensere for formell utdanning
- Erfaring frå drift og vedlikehald av EBA
- Grunnleggjande ferdigheiter og interesse for bruk av dataverktøy
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse. B
- Må kunne tryggingsklarerast for Hemmeleg
Utdanning
- Handverksfag
- Vidaregåande skule
Språk
- Norsk
Eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kundeorientert og serviceinnstilling, evne til å etablere gode kunderelasjonar
- Fleksibel og tilpassingsdyktig
- Ansvarsmedviten og pliktoppfyllande
- Utetterretta, må kunne jobbe sjølvstendig og i samspel med andre
- Ryddig og representativ åtferd
- Strukturert og løysingsorientert
- Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil bli særleg vektlagt
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Løn som Overingeniør, kode 1087, ltr. 35-55, iht. lønsregulativet i Staten
- Ein hektisk og spanande jobb blant gode kollegaar
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse med gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Bedriftshelseteneste
Om arbeidsgiveren
Den beste arbeidsplassen er den som fungerer som ei vidareutdanning. Slik tenkjer vi, og det trur vi du også gjer. I Forsvarsbygg nyttar vi mykje ressursar på å utvikle medarbeidarar og leiarar. Det er naudsynt for å halde på dei beste, og det er naudsynt for å plassere oss der vi ønskjer å vere, som leiande i bransjen.
Forsvarsbygg er Noregs største offentlege eigedomsaktør og forsvarssektoren sin eigen ekspert på eigedom. Ingen kan meir enn oss om Forsvaret sitt særskilde behov. Vi byggjer og tek hand om mange av landets mest særeigne og krevjande bygg. Vi er til for menige og befal og medverkar til trivsel på tusenvis av arbeidsplassar.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Skjold, 9334 Øverbygd
- Bransje
- Bygg og anlegg,
- Eiendom,
- VVS
- Stillingsfunksjon
- Håndverker,
- Håndverker / Rørlegger
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Ola Kvammen
- Stillingstittel
- Arenaleiar Skjold
- Telefon
- 97 04 87 43
Følg firma
3066 følger dette firmaet
Skjold, 9334 Øverbygd