Utløpt

Fagingeniør VVS, Bardufoss/Setermoen

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg - Forsvarsbygg utleie
Stillingstittel
Fagingeniør VVS, Bardufoss/Setermoen
Sted
Bardufoss
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast
Ved Marknadsområde nord er det ledig fast stilling som Fagingeniør VVS.
Arbeidsstad kan vere Bardufoss eller Setermoen. Stillinga rapporterer til Leiar Fagingeniørar.

Fag og prosjekt har ansvaret for eit lønsamt utleigeresultat i marknadsområdet, under dette ivaretaking av eigarrelaterte husleigepliktar og forvaltningsoppgåver. Plantenesta har ansvar for verdibevarande prosessar, gjennomføring av MO-et sin vedlikehaldsplan og ivaretaking av utleigar sine krav og interesser ism. investeringsprosjekt i regi av FB Utvikling.

Forsvarsbygg har som målsetjing at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi ønskjer difor ei verksemd der alder, kjønn og etnisitet til tilsette er balansert. Vi ønskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom sin personlege og faglege kompetanse.

Les meir om Forsvarsbygg på nettsida vår, www.forsvarsbygg.no og karrieresida vår www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar:
  • Ansvarleg for internkontroll i marknadsområdet innanfor fagområdet. Kvalitetssikre at VVS-installasjonar følgjer avtalte normer og forskrifter
  • Marknadsområdet sin kontaktperson mot sentralt ledd innan faget
  • Planleggje, leie og organisere vedlikehald av bygningstekniske anlegg iht. gjeldande lover og forskrifter
  • Ansvarleg for at plan- og bygningsetaten sitt regelverk overhaldast i marknadsområdet mot. VVS, under dette syte for at søknadspliktige prosjekt behandlast korrekt
  • Hovudoppgåver:
  • Sjå til at internkontroll innan fagområdet utøvast iht. overordna HMS-system
  • Utarbeide skildringar og underlag for korrekt bestilling
  • Ivareta overordna krav, direktiv samt offentlege lover og forskrifter til fagfeltet, under dette også bidra til ei tilfredsstillande miljøsatsing for faget
  • Delta i, og vere fagleg bidragsytar i fagfora og fagsamlingar
  • Yte fagleg rådgjeving innanfor eige fagområde
  • Leie vedlikehaldsoppdrag og utviklingsprosjekt, under dette dokumentansvar iht. budsjett og vedlikehaldsplan
  • Gjennomføre tilstandsvurderingar innan eige fagområde iht. fastsett plan
  • Sjå til at økonomiske målsetjingar blir haldne og at alle oppdrag er iht. vedtekne HMS/IK- og samordningsansvar
  • Hjelpe i investeringsprosjekt og ved LCC-utrekning av husleige
  • Koordinere utføringar med Driftsavdeling
  • Hjelpe og samarbeide med prosjektleiarar innan fagområdet
  • Generell saksbehandling
  • Andre oppgåver kan påleggast etter tilvising frå leiar

Kvalifikasjonar

  • Relevant ingeniørutdanning frå universitet-/høgskolenivå (bachelor/master)
  • Gode datakunnskapar innan prosjektstyring og prosjektleiing
  • Ønskeleg med erfaring frå drift, vedlikehald og prosjektleiing innan EBA
  • VVS-erfaring
  • Relevant erfaring frå arbeidsområdet
  • Må kunne meistre norsk munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
  • Må kunne tryggleikklarerast for HEMMELEG

Utdanning

  • Bygg og anlegg
  • Høgskule/Universitet

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kundeorientert, evne til å etablere gode kunderelasjonar
  • Strukturert
  • Initiativ og ansvarlegheit
  • Målbevisst og resultatorientert
  • God til å ta avgjerder
  • Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil bli særleg vektlagd

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Løn som Overingeniør, kode 1087, ltr. 39-70, iht. lønsregulativet i Staten
  • Ein hektisk og spanande jobb blant gode kollegaar
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse med gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Bedriftshelseteneste

Om arbeidsgiveren

Den beste arbeidsplassen er den som fungerer som ei vidareutdanning. Slik tenkjer vi, og det trur vi du også gjer. I Forsvarsbygg nyttar vi mykje ressursar på å utvikle medarbeidarar og leiarar. Det er naudsynt for å halde på dei beste, og det er naudsynt for å plassere oss der vi ønskjer å vere, som leiande i bransjen.



Forsvarsbygg er Noregs største offentlege eigedomsaktør og forsvarssektoren sin eigen ekspert på eigedom. Ingen kan meir enn oss om Forsvaret sitt særskilde behov. Vi byggjer og tek hand om mange av landets mest særeigne og krevjande bygg. Vi er til for menige og befal og medverkar til trivsel på tusenvis av arbeidsplassar.



Søknad merkes
3199575440
Sektor
Offentlig
Sted
Bardufoss,
9326 Bardufoss
Bransje
Bygg og anlegg,
Eiendom,
VVS
Stillingsfunksjon
Ingeniør / VVS- og klimateknikk

Rapportér annonse

FINN-kode
87086702
Sist endret
2. des 2016 12:18

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stein Martin Kristoffersen
Stillingstittel
Fung. leiar fagingeniørene
Telefon
901 91 044
Følg firma
902 følger dette firmaet

Bardufoss, 9326 Bardufoss

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
87086702
Sist endret
2. des 2016 12:18