Utløpt

Vi søkjer etter lærarar

Arbeidsgiver
Austrheim Kommune
Stillingstittel
Vi søkjer etter lærarar
Frist
12.12.2016
Ansettelsesform
Fast

Austrheim kommune har no fleire ledige stillingar:

 

Lærar i fast 100% stilling ved Årås skule

Opplysninger avdeling

Årås skule har 233 elevar fordelt på 1.-10.trinn. Vi er ein PALS- skule som arbeider systematisk med eit godt arbeids-
og læringsmiljø for elevar og tilsette. Skulen deltek i fleire prosjekt som er retta mot vurderingspraksis, klasseleiing og realfag.

Arbeidsoppgåver

Lærar i 100% stilling på mellomtrinnet og ungdomstrinnet frå og med 01.01.2017. Innhaldet i stillinga er timelærar i ulike fag på mellomtrinnet, spesialundervisning på ungdomstrinnet og dersom det er mogleg i høve til søkar sin kompetanse, valfag på ungdomssteget.

Informasjon om stillinga

For nærmare opplysningar ta kontakt med Bodil Boie Brekkan, rektor Årås skule. E-mail: bodil.boie.brekkan@austrheim.kommune.no. Mobil: 416 67 755.

 

Lærar i fast 100% stilling ved vaksenopplæringa

Det er ledig ei 100% stilling som lærar i vaksenopplæringa gjeldande frå og med 01.01.17 til og med 26.06.17.

Opplysninger avdeling

Vaksenopplæringa i Austrheim er ei teneste i Rådmannen sin stab.
Tenesta har lærarar i til saman 305%, fordelt på 4 lærarar.

Arbeidsoppgåver

Til stillinga ligg undervisning av vaksne og undervisning av flyktningar.

Informasjon om stillinga

Nærare informasjon om stilinga kan du få ved å vende deg til rektor Bodil Boie Brekkan på telefon 416 67 755.

 

Lærar i 100% vikariat ved vaksenopplæringa

Det er ledig ei 100% stilling som lærar i vaksenopplæringa gjeldande frå og med 01.01.17 til og med 26.06.17.

Opplysninger avdeling

Vaksenopplæringa i Austrheim er ei teneste i Rådmannen sin stab.
Tenesta har lærarar i til saman 305%, fordelt på 4 lærarar.

Arbeidsoppgåver

Til stillinga ligg undervisning av vaksne og undervisning av flyktningar.

Informasjon om stillinga

Nærare informasjon om stillinga kan du få ved å vende deg til rektor Bodil Boie Brekkan på telefon 416 67 755.

 

For alle stillingar gjeld:

Krav til kompetanse

Kompetanse og politiattest jfr. Opplæringslova.
Vi søkjer allmennlærarar med ulik fagkompetanse.
På ungdomsskuletrinna bed ein om kompetanse på min. 60 stp. i norsk, engelsk og matematikk og 30 relevante
studiepoeng for å undervise i øvrige fag på ungdomstrinnet.
På barnetrinnet bed ein om kompetanse om minst 30 relevante studiepoeng for å undervise i norsk, engelsk og
matematikk.

Registrer på cv-en kva fag/studiepoeng ein har.

Vi kan tilby

Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, SPK.

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadsskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000

Om arbeidsgiveren

Austrheim - Her er ca 2900 innbyggjarar. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 1 time. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv både på sjø og land.
Austrheim kommune er ein av vertskommunane til Statoil Mongstad. Kommunen satsar på å arbeida fram gode bumiljø der tilflyttarar kan busetja seg. Det er sett i gang bustadbygging som både er sentrumsnært og sjønært. Kommunen har to gode barnehager og 2 barne- og ungdomsskular, med gode høve til leik og idrettsaktivitatar. Kommunen har ein symjehall med ei aktiv symjegruppe. Det er og ein idrettshall og ny idrettspark. Kommunen har også vidaregåande skule.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Sætremarka 2, 5943 Austrheim
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk
Følg firma
2142 følger dette firmaet

Sætremarka 2, 5943 Austrheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 86558893
Sist endret 28. nov. 2016 10:29

Rapporter annonse