Utløpt

Vernepleiar, 100% stilling, omsorgsbustad, Nærbø

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Vernepleier
Sted
Jæren
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Beskrivelse: Innafor tenesteområdet helse og sosial, ft. ved omsorgsbustad, er følgjande stilling ledig: Vernepleiar 100% stilling i Viervegen inkl. 4. kvar helg, turnus.

Om arbeidsplassen: Ved Viervegen omsorgsbustad på Nærbø bur det brukarar med ulike hjelpebehov. Viervegen yter bistand til 5 brukarar som har leilegheiter tilknytt personalbasen og 3 eksterne brukarar som bur i Nærbø/omegn. I tillegg til å yta bistand til daglege gjeremål, har personalgruppa fokus på at brukarane skal ha ei meiningsfylt fritid gjennom aktivitet tilpassa den enkelte. Viervegen har 16.47 årsverk med variert  fagkompetanse. Me ynskjer ein dyktig, engasjert og ansvarsbevisst vernepleiar med på laget for å vidareutvikla vårt  fagteam og gode arbeidsmiljø, gjerne med erfaring frå brukargruppa. Det er viktig at du kan arbeida både sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer og andre samarbeidspartnare.

Arbeidsoppgåver: Yte nødvendig helsehjelp og praktiske oppgaver, primærkontaktansvar, bidra til fagleg utvikling av tenesta, bidra til å ivareta eit godt samarbeid med pårørande, Sjå behov for utvikling og endring hos bruker, fagleg veiledning av tilsette, studentar og lærlingar, samarbeid med spesialist helsetenesta, halde seg fagleg oppdatert.

Kvalifikasjoner: Autorisert vernepleiar, fagleg engasjement, fleksibel og nytenkjande, gode kommunikasjons og samarbeidsevner, vere engasjert og ha respekt for den enkelte brukar, evne til å arbeide mål- og resultatorientert, beherska norsk munnleg og skriftlig, gode data kunnskapar er ein fordel, ønskjeleg med førarkort for bil, Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Politiattest: Politiattest nyare enn 3 månader må leverast før tiltreding i stilling.

Vi tilbyr: Medverknad og innflytelse på eigen arbeidssituasjon, muligheit til å utvikla tenestetilbudet gjennom ansvar og medarbeiderskap, velferdsordningar gjennom kommunen, me kan tilby eit godt arbeidsmiljø der me løfter i lag, for vernepleiar i 100% stilling turnus inkl.helg gis ekstra løn med kr 10.000 pr.år, det gis 10.000 ekstra i 100% stilling for arbeid med brukarane i Viervegen.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte Merete Vorland mobil 99214931

Tilsetjingsvilkår: Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.  Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad kan sendast:Hå kommune oppfordrar alle til søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt dersom du ikkje har høve til det.

 

 

Om arbeidsgiveren

Hå kommune sitt administrasjonsbygg ligg på Varhaug, 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har ca 18.500 innbyggjarar, og er i sterk vekst. Kommunen har ei velfungerande skuledrift, full barnehagedekning og gode helsetilbod. Dugnadskommunen Hå har eit rikt og variert kultur-, idretts- og organisasjonsliv, i tillegg til flotte tur- og friluftsområde frå hav til hei. Hå kommune sin visjon er: Me løfter i lag, og Open, Driftig, Stolt er våre verdier. Vi ønskjer oss kandidater som kan identifisere seg med visjonen vår og verdiane våre.

Nettverk
Facebook Twitter
Sektor
Offentlig
Sted
Viervegen 8,
4365 Nærbø
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Rapportér annonse

FINN-kode
85830823
Sist endret
9. nov 2016 13:11

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tove Merete Vorland
Stillingstittel
Leder
Følg firma
121 følger dette firmaet

Viervegen 8, 4365 Nærbø

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
85830823
Sist endret
9. nov 2016 13:11