Utløpt

Ledige helsestillinger

Arbeidsgiver
Austrheim Kommune
Stillingstittel
Ledige helsestillinger
Sted
Austrheim
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Austrheim kommune har følgende tre ledige stillinger:

  • Ledig vikariat som barnevernspedagog
  • Ledig fast stilling som Familierettleiar/tiltaksarbeidar
  • Sosionom sosialtenesta

Ledig vikariat som barnevernspedagog:

Det er ledig frå snarast eit års vikariat i 100% stilling som barnevernspedagog med moglegheit for fast tilsetjing i Austrheim barnevernsteneste.

Barnevernstenesta har eit barnevernsfagleg team på til saman 3 medarbeidarar. Barnevernstenesta arbeider etter generalistmodellen, men har og ei tiltaksteneste som arbeider med tiltaks-/endringsarbeid etter lov om barneverntenester. Teamet held til i eigne hyggelige kontorlokaler i kommunehuset, sentralt i kommunen ved sida av Mastrevik torg.

Arbeidsoppgåver:

  • Generell sakshandsaming etter lov om barneverntenester
  • Ivareta sakshandsamaransvaret for US-sakar/Fylkesnemndssaker
  • Ivareta sakshandsamaransvaret for tiltakssakar/fosterheim
  • Igongsetje/drifte/koordinere/følgje opp alle inngåtte avtaler, vedtak og planer etc.
  • Journal-/rapportskriving,
  • Kvalitetssiktre mål/evalueringer
  • Andre arbeidsoppgåvar etter behov

Det vert tatt atterhald om endringar av arbeidsoppgåver som følge av tilpasningar i forhold til barneverntenesta si organisering og bistandsbehov.

 

Ledig fast stilling som Familierettleiar/tiltaksarbeidar

Det er ledig ei 100% fast stilling som familierettleiar/tiltaksarbeidar.

Barnevernstenesta har eit barnevernsfagleg team på til saman 3 medarbeidarar. Barnevernstenesta arbeider etter generalistmodellen, men har og ei tiltaksteneste som arbeider med tiltaks-/endringsarbeid etter lov om barneverntenester. Teamet held til i eigne hyggelige kontorlokaler i kommunehuset, sentralt i kommunen ved sida av Mastrevik torg.
Arbeidsoppgåver etter lov om barnevernstenester

Det vert tatt atterhald om endringar av arbeidsoppgåver som følge av tilpasningar i forhold til barneverntenesta sitt bistandsbehov.

Arbeidstid: 37,5 t/v, men det må påreknast kveldsarbeid (familierettleiar) inntil to dager i veka ved behov

Arbeidsoppgåver:

  • Metodisk tiltaksarbeid/endringsarbeid i familiar
  • Akuttoppfølging av barn/familiar i krise
  • Rettleiing av foreldre, fosterheimar
  • Andre arbeidsoppgåvar

 

Sosionom sosialtenesta

Sosialtenesta søkjer medarbeider tilknytta Nav. Er du sosionom eller har anna relevant høgskuleutdanning, er du kanskje den vi leitar etter? Om du ynskjer å bidra til gode tenester for våre brukarar og du trivest i ein hektisk og spanande arbeidskvardag, er det nettopp deg vi søkjer.

Det er ledig frå snarast eit års vikariat i 100% stilling som sosialkurator med moglegheit for fast tilsetting.

Arbeidsoppgåver:

Kartleggje behov, gje råd og rettleiing. Motivere for tiltak som kan bidra til aktivitet. Sakshandsaming økonomisk sosialhjelp, oppfølging og økonomisk rådgjeving. Arbeidsoppgåver i høve til rus/psykiatri inngår og. Publikumsmottak og andre oppgåver som inngår i Nav-kontoret si oppgåveløysing.

 

For å søke på, eller lese mer om stillingene klikk på «Søk på stillingen» til høyre på denne siden.

Om arbeidsgiveren

Austrheim - Her er ca 2900 innbyggjarar. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 1 time. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv både på sjø og land.
Austrheim kommune er ein av vertskommunane til Statoil Mongstad. Kommunen satsar på å arbeida fram gode bumiljø der tilflyttarar kan busetja seg. Det er sett i gang bustadbygging som både er sentrumsnært og sjønært. Kommunen har to gode barnehager og 2 barne- og ungdomsskular, med gode høve til leik og idrettsaktivitatar. Kommunen har ein symjehall med ei aktiv symjegruppe. Det er og ein idrettshall og ny idrettspark. Kommunen har også vidaregåande skule.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Sætremarka 2,
5943 Austrheim
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Sosionom

Rapporter annonse

FINN-kode
84524061
Sist endret
24. okt 2016 08:42
Følg firma
2407 følger dette firmaet

Sætremarka 2, 5943 Austrheim

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapporter annonse

FINN-kode
84524061
Sist endret
24. okt 2016 08:42