Utløpt

Frekvensjurist

Arbeidsgiver
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom)
Stillingstittel
Frekvensjurist
Sted
Lillesand
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast
Frekvensar er ein avgrensa naturressurs som er grunnlaget for all produksjon av ekomtenester. Nkoms forvaltning av frekvensar skal gi størst mogeleg samfunnsnytte for mange ulike brukarar. No treng vi ein ny jurist til dette viktige arbeidet.

Nkom har ansvar for å planleggje, tildele og føre tilsyn med bruk av frekvensressursar i Noreg og representerer Noreg i internasjonale fora knytt til bruk av desse ressursane.

Oppgåvene vi utfører ligg i grenseland mellom teknologi, jus og økonomi. Du vert ein av fire juristar i Frekvensavdelinga. Våre Frekvensjuristar er involvert i ei rekke av avdelingas oppgåver, dette omfattar til dømes:

Arbeidsoppgaver

  • kvalitetssikre arbeid og gi råd til leiinga når Nkom tildeler og koordinerer bruken av frekvensressursar, og utfører nasjonalt og internasjonalt planarbeid
  • utvikle relevant ekomregelverk og sikre samsvar mellom nasjonalt og internasjonalt regelverk
  • følgje den teknologiske utviklinga frå eit juridisk standpunkt
  • føre tilsyn med bruken av frekvensane og vilkår i frekvensløyve
  • ta del i prosjekt- og utgreiingsarbeid
  • handtere saker som gjeld brot på ekomregelverket

Kvalifikasjoner

  • Du må ha:
  • mastergrad i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen (cand. jur)
  • relevante juridiske kunnskapar, erfaring og godt juridisk skjønn
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • interesse for teknologi og økonomi
  • Det er ønskjeleg med:
  • erfaring frå offentleg forvaltning
  • erfaring med forvaltningsrett, konkurranserett og EØS-rett
  • erfaring frå frekvensforvaltning og kjennskap til internasjonal frekvensforvalting
  • Du som er nyutdanna er også velkomen til å søkje.

Egenskaper

  • initiativrik, open og omgjengeleg
  • strukturert, kvalitetsbevisst og serviceorientert innstilling
  • evne til å arbeide nøyaktig og ryddig både sjølvstendig og i grupper
  • god til å samarbeide på tvers av både organisatoriske einingar og faggrupper
  • blid og med god arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Stillinga er lønna som rådgivar eller seniorrådgivar frå kr. 470 000 (lønnstrinn 55) til kr. 655 300 (lønnstrinn 73), avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • Frå lønna blir det trekt to prosent innskot til Statens pensjonskasse.

Om arbeidsgiveren

Nkom skal leggje til rette for og sikre god konkurranse i marknadene for breiband og telefoni, kringkasting og post.
Vi definerer og påverkar rammevilkår og lovverk, og representerer Noreg i det mangesidige arbeidet mellom anna med Internett. Sikkerheit og beredskap er ein vesentleg del av ansvaret vårt.

Nkom er lokalisert i Lillesand. Meir informasjon finn du på www.nkom.no.

Vi ønskjer kvinner og deg med innvandrarbakgrunn spesielt velkomen til å søkje.

Opplysningar om kven som har søkt denne stillinga, kan offentleggjerast sjølv om søkjarar har reservert seg mot å stå på offentleg søkjarliste. Søkjarar vil bli varsla i forkant dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Søknad merkes
9/2016
Sektor
Offentlig
Sted
Nygård 1,
4790 Lillesand
Bransje
Telekommunikasjon,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler,
Jurist

Rapportér annonse

FINN-kode
84220013
Sist endret
13. okt 2016 12:04

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bent Andre Støyva
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
22 82 48 33
908 89 955
Kontaktperson
John-Eivind Velure
Stillingstittel
avdelingsdirektør
Telefon
22 82 48 27
957 48 447
Følg firma
130 følger dette firmaet

Nygård 1, 4790 Lillesand

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
84220013
Sist endret
13. okt 2016 12:04