Utløpt

Leiar Hå legevakt, nyoppretta stilling

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Leiar Hå legevakt
Sted
Jæren
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Beskrivelse Innafor tenesteområdet helse og sosial er ledig nyoppretta

100% stilling for sjukepleiar som leiar for legevakta.

Hå kommune har ansvar for legevakttelefonen for Hå og Dalane, og har legevaktsentral for Hå ved Bekkeheien, Nærbø. På dagtid kvardager er det legekontor, Nærbø som svarer på legevakttelefonen, på natt Hå sjukeheim. Legevaktsentralen ved Bekkeheien svarer på kveldar, kvardagar og helger dag/kveld. Legevaktlegen i Hå arbeider ved legevakt, Bekkeheien.

Leiar får personalansvar for sjukepleiarane som arbeider på Bekkeheien og kommuneoverlegen er nærmaste overordna. Leiar ved Bekkeheien har ansvar for samarbeid med leiar legekontor Nærbø og leiar ved Hå sjukeheim om tenesta.

Stillinga er tenkt fordelt med (cirka)  20% administrasjon kombinert med vakter ved Bekkeheien og eventuelt ved legekontor.

Det tas forbehold om kommunestyret si godkjenning av stillinga.

Kvalifikasjoner: Utdanna sjukepleiar med norsk autorisasjon, beherske norsk skriftleg og muntleg, kunne arbeide sjølvstendig og målretta, ha grunnleggjande datakunnskap.

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar for stillinga.

Nærare opplysingar kan du få ved å kontakte kommuneoverlege Inger Skretting Opstad, mobil 99793721.

Tilsetjingsvilkår: Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.  Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad kan sendast: Hå kommune oppfordrar alle til søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt dersom du ikkje har høve til det.

 

Om arbeidsgiveren

Hå kommune sitt administrasjonsbygg ligg på Varhaug, 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har ca 18.500 innbyggjarar, og er i sterk vekst. Kommunen har ei velfungerande skuledrift, full barnehagedekning og gode helsetilbod. Dugnadskommunen Hå har eit rikt og variert kultur-, idretts- og organisasjonsliv, i tillegg til flotte tur- og friluftsområde frå hav til hei. Hå kommune sin visjon er: Me løfter i lag, og Open, Driftig, Stolt er våre verdier. Vi ønskjer oss kandidater som kan identifisere seg med visjonen vår og verdiane våre.

Nettverk
Facebook Twitter
Sektor
Offentlig
Sted
Rimestad 16,
4365 Nærbø
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Rapportér annonse

FINN-kode
84207977
Sist endret
13. okt 2016 07:56

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Inger Skretting Opstad
Stillingstittel
Kommuneoverlege
Følg firma
120 følger dette firmaet

Rimestad 16, 4365 Nærbø

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
84207977
Sist endret
13. okt 2016 07:56