Veterinær eller fiskehelsebiolog, Avdeling Hardanger og Sunnhordland
- Arbeidsgiver
- Mattilsynet - Region Sør og Vest
- Stillingstittel
- Veterinær eller fiskehelsebiolog, Avdeling Hardanger og Sunnhordland
- Frist
- 25.10.2016
- Ansettelsesform
- Fast
Mattilsynet, Region Sør og Vest har totalt 8 avdelingar. Avdeling Hardanger og Sunnhordland har ledig fast 100 % stilling for veterinær eller fiskehelsebiolog innan fagområdet fiskehelse. Arbeidsområdet er Hardanger og Sunnhordland.
Kontorstad Leirvik eller Nordheimsund
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene vil kunne dekke heile fagfeltet som inspeksjonar av oppdrettsanlegg, uttak av prøvar, handtering av sjukdomsutbrot, godkjenning av lokalitetar og sakshandsaming innafor området med meir.
- Andre relevante tilsynsoppgåver innan Mattilsynet sitt forvaltningssområde kan verte aktuelt.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer veterinær med norsk autorisasjon eller fiskehelsebiolog.
- Det er ønskje om at søkjar har røynsle med ei eller fleire av dei nemnde arbeidsoppgåvene. Røynsle frå offentlig forvaltning vert vektlagt.
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne og formidlingsevne.
- Søkjar må vere fortruleg med å bruke IKT-verktøy.
- Søkjar må ha førerkort i klasse B, kontoret disponerer leasingbil.
Eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- God til å jobbe i team og samarbeide
- Evne til å prioritere, arbeide raskt og sjølvstendig
- Er fleksibel, strukturert og løsningsorientert
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Vi tilbyr ein utfordrande jobb med spanande arbeidsoppgåver i eit konstruktivt fagmiljø med gode kollegaer.
- Stillinga er løna i st. kode 1498, førsteinspektør pt. kr. 470.000 - 550.000. For særskilt kvalifiserte søkjarar med lang relevant praksis, kan stilling som seniorinspektør, kode 1499 og høgare avlønning verte vurdert.
- Som tilsett i staten nyt du godt av gunstige pensjons- og lånevilkår i Statens Pensjonskasse, og du har rettar i samsvar med statleg regelverk og tariffavtalar. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Pensjonskassen.
- Mattilsynet er oppteken av mangfald og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb i Mattilsynet uansett alder, kjønn, redusert funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
- Mattilsynet ønskjer å vera ein god arbeidsplass, og har inngått avtale om "Inkluderande arbeidsliv".
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Torget 10, 5417 Stord
- Bransje
- Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon
- Biolog,
- Veterinær og dyrepleier
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Arne Oftedal
- Stillingstittel
- Avdelingssjef
Følg firma
1284 følger dette firmaet
Torget 10, 5417 Stord