Utløpt

Vernepleiar i omsorgsbustad/barnebustad, nyoppretta stilling

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Vernepleiar
Sted
Jæren
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Beskrivelse: Innafor tenesteområdet helse og sosial, ved Breidengjå omsorgsbustad/barnebustad, har vi ledig følgjande nyoppretta stilling:

100% stilling turnus inkl. 3. kvar helg.

For vernepleiar i 100% stilling turnus inkl. helg, gis ekstra løn med kr. 10.000 pr. år.

Arbeidsoppgåvene i avdelinga er i nært samarbeid med leiar.

Kvalifikasjoner: Vernepleiar med norsk autorisasjon, beherske norsk skriftleg og muntleg, kunne arbeide sjølvstendig og målretta, vere fleksibel og samarbeidsvillig, førarkort for bil, ha grunnleggjande datakunnskap eller vere villig til å lære dette.

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Nærare opplysingar kan du få ved å kontakte leiar Marit Waldeland tlf 906 42 560

Politiattest: Politiattest nyare enn 3 månader må leverast før tiltreding i stilling.

Tilsetjingsvilkår: Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.  Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad kan sendast: Hå kommune oppfordrar alle til søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt dersom du ikkje har høve til det.

 

Om arbeidsgiveren

Hå kommune sitt administrasjonsbygg ligg på Varhaug, 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har ca 18.500 innbyggjarar, og er i sterk vekst. Kommunen har ei velfungerande skuledrift, full barnehagedekning og gode helsetilbod. Dugnadskommunen Hå har eit rikt og variert kultur-, idretts- og organisasjonsliv, i tillegg til flotte tur- og friluftsområde frå hav til hei. Hå kommune sin visjon er: Me løfter i lag, og Open, Driftig, Stolt er våre verdier. Vi ønskjer oss kandidater som kan identifisere seg med visjonen vår og verdiane våre.

Nettverk
Facebook Twitter
Tiltredelse
Etter avtale
Sektor
Offentlig
Sted
Breidengjå,
4360 Varhaug
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Rapportér annonse

FINN-kode
83598442
Sist endret
3. okt 2016 07:52

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marit Waldeland
Stillingstittel
Leiar
Følg firma
120 følger dette firmaet

Breidengjå, 4360 Varhaug

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
83598442
Sist endret
3. okt 2016 07:52