Utløpt

Lærarstilling i grunnskulen

Arbeidsgiver
Valle kommune
Stillingstittel
100 % fast lærarstilling med tiltreding 01.12.2016
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Valle kommune  - hjarta i Setesdal

Valle kommune ligg i hjarta av Setesdal, kun 2 timars biltur frå kysten. Kommunen har 2 grender, Valle og Rysstad og har flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod.  Kommunen har om lag 1250 innbyggjarar. I grunnskulen er det 2 skular, Valle skule 1. ± 10. trinn med ca. 110 elevar og Hylestad skule 1. - 7. trinn med ca. 50 elevar. Vaksenopplæringa er ei eiga avdeling med ansvar for norsk/samfunnsfag for deltakarar på introduksjonsprogrammet og grunnskuleopplæring/spesialundervisning for vaksne.

Lærarstilling i grunnskulen.

Skuleåret 2016/2017 blir det ledig 100 % fast lærarstilling med tiltreding 01.12.2016.

Det er ynskjeleg med grunnskulelærar 1-7/allmennlærar kompetanse i engelsk, matematikk, norsk, samfunnsfag, krle og musikk, samt spesialpedagogikk. I stillinga ligg det ansvar for koordinering av spesialpedagogisk arbeid ved skulen.

Kvalifikasjonar/arbeidsoppgåver:

Vi  ønskjer grunnskulelærar som vil arbeide for eit godt elev/skulemiljø. Vere aktive  aktørar i skulen sitt utviklingsarbeid, der tilpassa opplæring, inkludering og elven sitt læringsutbytte er hovudfokus. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Evne til samarbeid og utviklingsarbeid i team er viktig.

Det er ein kombinasjon av dei ynskte kvalifikasjonane til søkjaren, saman med den eksisterande kompetansen i skulane, som vil danne grunnlag for tilsetjing. Du må oppgi fagområde du har kompetanse til å undervise i, då samtlege fag kan vere aktuelle for tilsetjing. Den som blir tilsett må kunne undervise på nynorsk, då dette er kommunen si målform.

Alle kvalifiserte blir oppfordra til å søkje! Aktuelle kandidatar bli invitert til intervju. Politiattest blir etterspurd ved tilsetjing.

For meir informasjon:

  • Valle skule ved rektor Marit Brokke:                        991 69 862

Vi mottek berre elektroniske søknada send frå heimesida vår:  http://www.valle.kommune.no/ledige-stillingar

Direkte lenke til søknadsskjema finn du HER

CV, vitnemål og attestar skal ikkje leggjast ved, men du vil bli spurd om å ta med dette til eit eventuelt intervju. Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500.

Søkjarliste kan bli offentleggjort også når det blir bede om unnatak frå offentlegheit.

 

Søknadsfrist: 02.10.16

Besøk også våre heimeside:

http://www.valle.kommune.no/ - http://www.valleskule.no/ -http://www.hylestadskule.no/      


Sektor
Offentlig
Sted
4747 Valle
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Undervisning og pedagogikk
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 82843644

Sist endret: 1. nov 2016 12:04

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marit Brokke
Stillingstittel
Rektor
Mobil
Vis telefonnummer

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 82843644

Sist endret: 1. nov 2016 12:04