Utløpt

Ledig stilling som fagleiar i PPT

Arbeidsgiver
Austrheim Kommune
Stillingstittel
Ledig stilling som fagleiar i PPT
Sted
Austrheim
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Det er ledig ei fast 100% stilling som fagleiar i PPT med arbeidsfelt pedagogisk-psykologisk rådgjevar/spesialpedagog.

Opplysninger avdeling

Austrheim PPT ligg underlagt rådmannen sin stab. Ein har 3 tilsette: Fagleiar, rådgjevar/spesialpedagog og logoped.
Austrheim PPT er og PPT for Fedje kommune.
Samarbeidspartnarar for PPT-tenesta vil vera mellom anna:

  • To 1-10 skular i Austrheim og ein i Fedje
  • To barnehagar i Austrheim og ein i Fedje
  • Helseavdelinga med psykiatrisk sjukepleiar, psykolog, skulelege og helsesøstre
  • Barnevernstenesta med tre tilsette

Arbeidsoppgåver

  • Leiing og koordinering av arbeidet i PPT
  • Kartlegging og utgreiing av barn og unge
  • Arbeide med sakkunnig vurderingar
  • Rettleiing og arbeid med sakkunnig vurdering
  • Rettleiing og rådgjeving
  • Arbeide saman med skulane og barnehagane om systemutvikling

Krav til kompetanse

  • Søkjer etter ein fagperson fortrinnsvis med master eller 1. og 2. avdeling spesialpedagogikk, eller tilsvarande
  • Ønskjeleg med erfaring frå arbeid ved eit PPT- kontor og eller frå spesialpedagogisk arbeid
  • Ønskjeleg med bakgrunn frå skuleverket
  • Spesialpedagog med relevant arbeidserfaring frå PPT utan master/hovudfag vil bli vurdert

Personlege eigenskaper

  • Du er positiv, viser gode samarbeidsevner, er fagleg engasjert og tar initiativ
  • Du kan jobba sjølvstendig, likar å ta ansvar, har gode datakunnskaper og skriftleg framstillingsevner

Informasjon om stillinga

Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

Arbeidet medfører litt reising og du bør ha førarkort og disponere eigen bil.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å venda deg til rådmann Jan Olav Osen, tlf. 56 16 20 00 eller assisterande rådmann Olav Mongstad på telefon 56 16 20 00.

Vi kan tilby

Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP/SPK.

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Eller du kan trykke på "Send søknad" knappen. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.

Om arbeidsgiveren

Austrheim - Her er ca 2900 innbyggjarar. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 1 time. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv både på sjø og land. Austrheim kommune er ein av vertskommunane til Statoil Mongstad. Kommunen satsar på å arbeida fram gode bumiljø der tilflyttarar kan busetja seg. Det er sett i gang bustadbygging som både er sentrumsnært og sjønært. Kommunen har to gode barnehager og 2 barne- og ungdomsskular, med gode høve til leik og idrettsaktivitatar. Kommunen har ein symjehall med ei aktiv symjegruppe. Det er og ein idrettshall og ny idrettspark. Kommunen har også vidaregåande skule.

Sektor
Offentlig
Sted
Sætremarka 2,
5943 Austrheim
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk

Rapporter annonse

FINN-kode
81380837
Sist endret
26. aug 2016 09:39

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Olav Osen
Stillingstittel
Rådmann
Telefon
918 52 497
Kontaktperson
Olav Mongstad
Stillingstittel
Assisterende rådmann
Telefon
913 74 696
Følg firma
2411 følger dette firmaet

Sætremarka 2, 5943 Austrheim

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapporter annonse

FINN-kode
81380837
Sist endret
26. aug 2016 09:39