Utløpt

Frekvensingeniør

Arbeidsgiver
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) - FM Mobile tjenester
Stillingstittel
Frekvensingeniør
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast
Frekvensar til elektronisk kommunikasjon er særs verdifulle og heilt naudsynte i moderne samfunn. I Nkom får du jobbe med teknisk planlegging og oppfølging av desse viktige ressursane, både her heime og internasjonalt.

Vi ser etter deg som har evne til å sjå heilskap og samanhengar som bidrar til ein effektiv bruk av frekvensressursane. Som frekvensingeniør skal du jobbe med stasjonære og mobile radiosystem som til dømes satellittsystem, ulike typar radarar og frekvensar til forsking. Du vil mellom anna delta i internasjonale fora der viktig framtidsretta arbeid skjer og noko reiseverksemd må forventast.

Frekvensavdelinga har ansvar for å planlegge, tildele og føre tilsyn med bruk av norske frekvensressursar. Vi er 45 engasjerte medarbeidarar med teknisk, juridisk og økonomisk kompetanse.

Hjå oss får du utfordrande arbeidsoppgåver i eit travelt, godt og utviklande fagmiljø. Den ledige stillinga er i seksjon for mobile tenester.

Arbeidsoppgaver

  • planleggje og tildele frekvensar til mobile radiosystem, satellitt (jordstasjonar og romsegment), forsking og bruk av radar
  • føre tilsyn med vilkår i frekvensløyve
  • utgreiings- og prosjektarbeid
  • utvikle og vedlikehalde verkty for presentasjon av informasjon på nettet, til dømes finnsenderen.no
  • koordinere frekvensressursar på tvers av landegrenser
  • fremma Noregs interesser i nasjonale og internasjonale fora

Kvalifikasjoner

  • fortrinnsvis mastergrad innanfor eit relevant fagområde (radiokommunikasjon, teleteknikk, satellitt-teknologi eller liknande)
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • god evne til raskt å setje deg inn i nye dataverkty
  • det er ynskjeleg med erfaring innanfor dei relevante fagområda, særlig satellitteknologi
  • det er ynskjeleg med erfaring med prosjektleiing

Utdanning

  • Ingeniør

Egenskaper

  • evne til å sjå heilskap og samanhengar
  • initiativrik, open og omgjengeleg
  • analytisk, strukturert, kvalitetsbevisst og serviceorientert
  • evne til å arbeide nøyaktig og ryddig både sjølvstendig og i grupper
  • humørfylt, god arbeidskapasitet og ha evne til å vera ein pådrivar
  • god til å dela innsikt og kompetanse

Vi tilbyr

  • Stillinga er lønna som senioringeniør frå kr 530 000 - 620 000, evt. som overingeniør frå kr 470 000 - 560 000, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • Frå lønna trekkast to prosent innskott til Statens pensjonskasse.
  • Stillinga krev at du kan bli tryggleiksklarert etter tryggingslova.

Om arbeidsgiveren

Nkom skal leggje til rette for og sikre god konkurranse i marknadene for breiband og telefoni, kringkasting og post.
Vi definerer og påverkar rammevilkår og lovverk, og representerer Noreg i det mangesidige arbeidet mellom anna med Internett. Sikkerheit og beredskap er ein vesentleg del av ansvaret vårt.

Nkom er lokalisert i Lillesand. Meir informasjon finn du på www.nkom.no.

Vi ønskjer kvinner og deg med innvandrarbakgrunn spesielt velkomen til å søkje.

Opplysningar om kven som har søkt denne stillinga, kan offentleggjerast sjølv om søkjarar har reservert seg mot å stå på offentleg søkjarliste. Søkjarar vil bli varsla i forkant dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Sektor
Offentlig
Sted
Nygård 1, 4790 Lillesand
Bransje
Telekommunikasjon,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bent Andre Støyva
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
22 82 48 33
90 88 99 55
Kontaktperson
John-Eivind Velure
Stillingstittel
avdelingsdirektør
Telefon
22 82 48 27
95 74 84 47
Følg firma
298 følger dette firmaet

Nygård 1, 4790 Lillesand

Annonseinformasjon

FINN-kode 80099522
Sist endret 5. aug. 2016 11:01

Rapporter annonse