Kommunalsjef for samfunn og utvikling
- Arbeidsgiver
- Gol kommune
- Stillingstittel
- Kommunalsjef for samfunn og utvikling
- Frist
- 22.08.2016
- Ansettelsesform
- Fast
Gol kommune har samla utbyggingsavdeling, kommunalteknisk avdeling, eigedomsforvaltning, næringsutvikling og landbruk under felles leiing.
Gol er ein kommune i utvikling. Vi er med i prosjektet "Vellykka distriktskommunar" og "Attraksjonskraft gjennom stedsinnovasjon". Det er høg aktivitet i kommunen, noko som medfører interessante og utfordrande planleggingsoppgåver.
Sentrale ansvars- og arbeidsoppgåver vil vera:
* leie og samordne dei tekniske avdelingane
* ha personal- og økonomiansvar
* koordinere og samordne dei kommuneplanane som allereie finst, og sjå til at desse blir rullerte
* ha det overordna ansvaret for folkehelseperspektivet i all vår kommunale planlegging
* førebu saker for politiske organ
* delta i og vidareutvikle det interkommunale samarbeidet på området
Vi søkjer ein medarbeider som:
* har relevant høgare utdanning
* har relevant praksis frå området
* har god kjennskap til lovverket knytta til offentleg saksbehandling og planlegging
* kan framskaffe kunnskap og idear, sjå årsakssamanhengar, utvikle alternative løysingar på problemstillingar og vurdere verknaden desse kan ha for framtida
* kan initiere og gjennomføre administrativt utviklings- og utgreiingsarbeid
* har gode leiareigenskapar
* har ønskje om å bli leiar for ei personalgruppe som har lang erfaring, er kunnskapsrike og ansvarlege
* kan inspirere, motivere og rettleie
* har evne til å skape gode relasjonar gjennom dialog og samarbeid
* har gode norskkunnskapar, god skriftleg- og munnleg framstillingsevne
Vi tilbyr:
* varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
* godt arbeidsmiljø med positive medarbeidarar
* tilsetjingsvilkår etter gjeldande lover og avtaleverk, løn etter avtale
* god pensjonsordning
* hjelp til å skaffe bustad og eventuelt barnehageplass
Anna:
Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg
inn.
I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden
ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta
offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje
søknaden din.
Send søknad:
Gol kommune nytter elektronisk søknad, gå til www.gol.kommune.no – Ledige stillingar og registrer din søknad. Søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytta til
registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.
Om arbeidsgiveren
Gol er ein kommune med ca. 4.700 innbyggjarar. Kommunen er eit viktig kommunikasjonsmessig knutepunkt, med eit allsidig næringsliv, særleg innan reiseliv, handel og jordbruk. Kommunen kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, og er ein populær handleplass med mange og varierte butikkar.Kommunen har god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.
- Nettverk
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- GAMLEVEGEN 4, 3550 Gol
- Bransje
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Ledelse
Nøkkelord
leder, samfunn, utvikling, næring, kommune
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Hege Mørk
- Stillingstittel
- Rådmann
- Telefon
- 91 67 39 01
- Kontaktperson
- Helene Holand
- Stillingstittel
- Personalsjef
- Telefon
- 91 67 39 02
GAMLEVEGEN 4, 3550 Gol