Utløpt

Ledig fast stilling som rektor ved Hylestad skule

Arbeidsgiver
Valle kommune
Stillingstittel
Rektor
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Ledig fast stilling som rektor ved Hylestad skule

 

Det er ledig 100 % fast stilling som rektor ved Hylestad skule i Valle kommune. 70 % av stillinga er administrativ, og det resterande er undervising.

 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Leie Hylestad skule i tråd med kommunen sine leiarprinsipp.
  • Vidareføre satsingsområda til kommunen, samt dei nasjonale satsingsområda.
  • Strategisk utvikling av Hylestad skule med fokus på elevane si læring og læringsmiljø.
  • Motivere og inspirere tilsette ved Hylestad skule.
  • Økonomistyring.

 Kvalifikasjonar:

  • Pedagogisk utdannelse på høgskule-/universitetsnivå.
  • Det er ønskjeleg med leiarerfaring, og då helst erfaring som skuleleiar.
  • Det er også ønskjeleg med erfaring innan både økonomistyring og undervising. 
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt. Særleg viktig er det å vere ein samlande og motiverande leiar med gode samarbeidsevner, og både vilje og evne til å ta del i utviklingsarbeid.

 Vi tilbyr:

·         Eit høgt kvalifisert fagmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.

·         Spennande og varierte arbeidsoppgåver som leiar.

·         Kommunal bustad eller hjelp til å finne eigna bustad.

·         Trim i arbeidstida.

·         Bedriftsleilegheit i Kristiansand.

·         Tilsetjing i tråd med gjeldande lover, reglar og avtaler.

·         Løn etter avtale.

 

Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju. Ved lang reiseveg gjennomfører vi intervjua på Skype. Søkjarliste kan bli offentleggjort også når det blir bede om unnatak frå offentlegheit. Snarleg tiltreding i stillinga er ønskjeleg.

 

For meir informasjon:

·         Rådmann Eivind Berg                                   915 86 008

·         Skulefagleg ansvarleg Henri T. Viki:            900 57 587

 

Vi mottek berre elektroniske søknada sendt frå heimesida vår:  

https://skjema.kf.no/more/wizard/wizard.jsp?wizardid=1688&ouref=0940

 

Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500.

 

Besøk også våre heimesider:

http://www.valle.kommune.no/ - http://www.valleskule.no/ - http://www.hylestadskule.no/      


Sektor
Offentlig
Sted
4747 Valle
Bransje
Barn, skole og undervisning
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor
Undervisning og pedagogikk / Undervisning og pedagogikk
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 78024325

Sist endret: 19. aug 2016 15:13

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eivind Berg
Stillingstittel
Rådmann
Mobil
Vis telefonnummer

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 78024325

Sist endret: 19. aug 2016 15:13