Når annonsen er aktiv kan du tipse en venn Når annonsen er aktiv kan du dele på Facebook Når annonsen er aktiv kan du dele på Twitter
Utløpt

Likar du å arbeide med ungdom?

Arbeidsgiver
Bykle kommune
Stillingstittel
Ungdomsarbeidar
Sted
Hovden i Setesdal, På toppen av Setesdal, Bykle, Fjellgardane barnehage
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Ungdomsarbeidar

100% st., er ledig frå 01.08.17

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Aktivitetsretta ungdomsarbeid, planlegging og gjennomføring
  • Hovudansvar for Bykle fritidsklubb, i samarbeid med styret for klubben, og mellomtrinnsklubb
  • Gjennomføring av ungdommens kulturmønstring (UKM) saman med Valle kommune
  • Tett samarbeid med andre kommunale einingar
  • Sekretær for ungdomsrådet?
  • Servicearbeid ved Bykle samfunnshuset/Hovden grendehus

Kvalifikasjonskrav:

  • Minimum relevant fagbrev, men gjerne relevant 3- årig høgskuleutdanning
  •  Relevant praksis er ein fordel
  • Evne til å kombinere praktisk arbeid og langsiktig strategisk arbeid
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne er nødvendig
  • God kjennskap til digitale-verktøy
  • Serviceinnstilt
  • Personleg egna for stillinga

Stillinga inneber ein del kvelds- og helgearbeid. Det er nødvendig med fleksibilitet.

Den som blir tilsett må disponere eigen bil i teneste.

Vi kan tilby:

  • Løn etter tariff etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det blir trekt 2% pensjonsinnskot. Krav om politiattest ved tilsetting.

Spørsmål om stillinga kan rettast til personalsjef Liv Hilde Holm tlf. 379 38609/906 10215

Vårt elektroniske søknadsskjema finn du under ledige stillingar på www.bykle.kommune.no

Vitnemål og attestar vil bli spurt etter ved eit evt. intervju.

Vi ønskjer ikkje å bli kontakta av annonseseljarar

Om arbeidsgiveren

Bykle kommune har om lag 940 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 19 mil til Kristiansand, 18 mil til Stavanger (sommartid) og 30 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit betydeleg turistsenter. Her i kommunen finn du barnehage, skule og SFO samt vidaregåande skule. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høyfjellet, golfbane og badeland.

Nettverk
Facebook
Tiltredelse
01.08.2016
Sektor
Offentlig
Sted
Skulevegen,
4755 Hovden i Setesdal
Lønn
Løn etter tariff etter kvalifikasjonar
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Omsorg og sosialt arbeid,
Annet

Nøkkelord

ungdomsarbeid, service, aktivitet, fritid, kultur

Rapportér annonse

FINN-kode
77233939
Sist endret
9. jun 2016 14:57

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Liv Hilde Holm
Stillingstittel
personalsjef
Telefon
906 10 215
Følg firma
7 følger dette firmaet

Skulevegen, 4755 Hovden i Setesdal

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
77233939
Sist endret
9. jun 2016 14:57