Utløpt

Gol kommune søkjer sjukepleiar - kvardagshelt

Arbeidsgiver
Gol kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar - kvardagshelt
Frist
30.06.2016
Ansettelsesform
Fast

Heimesjukepleien og institusjon ynskjer seg fleire sjukepleiarar og søkjer derfor både etter deg som vil ha fast stilling og deg som er interessert i eit vikariat.

 

Vi ynskjer oss kvardagsheltar som har lyst til å gjera ein forskjell.

Definisjon av ein kvardagshelt:

Det er ikkje eit ord du finn i ordboka, men det er eit fantastisk ord som rommer mykje hos den som får "tittelen". Ein kvardagshelt er ein person som reddar dagen, og som bidrar til å gjere nokons kvardag betre. Dei er hjelpsamme og gjer gode handlingar kvar dag. Ein kvardagshelt står sjeldan i rampelyset, men spelar ein viktig rolle i manges liv. Dei har respekt for sine medmenneske og ynskjer å bidra slik at kvar einskild får det best mogleg i sitt eige liv. For å få til dette må kvardagshelten vera usedvanleg smart og finne kreative løysingar på mange utfordringar. Dei har eit sterkt mot, godheit og evna til å døme rettferdig samtidig som dei er fleksible og i stand til å yte hjelp der den trengst.

 

Kvalifikasjonar:

* Autorisert sjukepleiar

* Erfaring og interesse for geriatri er ynskeleg

* Beherske norsk munnleg og skriftleg og ha god språkforståing. Norskprøve B1, bestått både munnleg og skriftleg

* Førarkort B ( gjeld heimetenesten)

 

Vi ynskjer at du:

*  Er sjølvstendig og strukturert

*  Har gode kommunikasjons og samarbeidsevnar

*  Har gode IKT kunnskapar - (vi nyttar Gerica systemet)

*  Liker utfordringer og er fagleg fokusert

 

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar

 

Vi tilbyr:

* Varierte arbeidsoppgåver med moglegheit for å påverke og utvikle tenesta

* Kurs og opplæring

* Deltaking i fagleg forum

* Dyktige, inkluderande og hyggelege kollegaer/kvardagsheltar

* Konkurransedyktig løn med eit rekrutere/behaldetillegg på 20.000 kr i året (v/ 100% stilling)

* Gratis leilighet i kollektiv for vikarer

* Et bredt spekter av utfordringer med pasienter i alle aldersgrupper og ulike hjelpebehov

* Institusjon: Turnus m/ jobb hver 4. helg med langvakter

* Hjemmetjenesten: Turnus m/ jobb hver 3. helg

 

Anna:

Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.

 

Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn.

 

Send søknad:

Gol kommune benytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytta

til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.

 

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

Om arbeidsgiveren

Gol er ein kommune med ca. 4.700 innbyggjarar. Kommunen er eit viktig kommunikasjonsmessig knutepunkt, med eit allsidig næringsliv, særleg innan reiseliv, handel og jordbruk. Kommunen kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, og er ein populær handleplass med mange og varierte butikkar.Kommunen har god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
HELSETUNVEGEN 1, 3550 Gol
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Nøkkelord

Sjukepleiar, Kvardagshelt, helsetun, heimesjukepleie, heimeteneste

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Linda Muggerud Anderssen
Stillingstittel
Områdeleiar, Gol helsetun
Telefon
91 67 39 79
Kontaktperson
Velin Eikrehagen
Stillingstittel
Områdeleiar heimetenester
Telefon
91 67 39 52
Følg firma
21 følger dette firmaet

HELSETUNVEGEN 1, 3550 Gol

Annonseinformasjon

FINN-kode 76538545
Sist endret 10. jun. 2016 15:02

Rapporter annonse