Utløpt

Til deg som ønskjer verdas viktigaste stilling! Barnehagelærar

Arbeidsgiver
Bykle kommune
Stillingstittel
Barnehagelærar barnehagelærer
Frist
25.05.2016
Ansettelsesform
Vikariat

Eining barnehage

Til deg som ønskjer verdas viktigaste stilling, og som ønskjer å gjere barnehagetida til ein herleg start på livslang læring!

Bykle kommune har to barnehagar. Barnehagane har auka pedagogtettleik, dvs. pedagogisk leiar og barnehagelærar på same avdeling. Gruppestorleiken er på 18 eller 9 barn. Barnehagelæraren er stedfortreder for pedagogisk leiar, er ein del av barnehagen sitt pedagogiske team, og skal aktivt delta i utviklinga av barnehagen.

 

I Fjellgardane barnehage er det ledig eit vikariat som barnehagelærar i 100% stilling f.o.m. 1.8.16 t.o.m. 31.7.17.

 

Kvalifikasjonskrav:

- Utdanning som barnehagelærar

- Vi ønskjer oss ein medarbeidar som er personleg eigna, tek ansvar, er fleksibel og god ti å samarbeide. 

- Du må gjerne vere glad i ski- og friluftsaktivitetar, og ha førarkort.

 

Vi kan tilby:

- Løn etter kvalifikasjonar + 10 000

- Gode pensjons- og forsikringsordningar

- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad

- Flyttegodtgjersle etter eige reglement

 

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Krav om politiattest ved tilsetting.

 

Vi ønskjer ikkje å bli kontakta av annoseseljarar!

 

Om arbeidsgiveren

Bykle kommune har om lag 940 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 19 mil til Kristiansand, 18 mil til Stavanger (sommartid) og 30 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit betydeleg turistsenter. Her i kommunen finn du barnehage, skule og SFO samt vidaregåande skule. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høyfjellet, golfbane og badeland.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Skulevegen, 4755 Hovden i Setesdal
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer

Nøkkelord

barn, læring, barnehage, pedagogtetthet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristin Hoslemo
Stillingstittel
Tenesteleiar barnehage
Telefon
48 89 65 35
Følg firma
48 følger dette firmaet

Skulevegen, 4755 Hovden i Setesdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 75311616
Sist endret 3. mai 2016 16:23

Rapporter annonse