Utløpt

Nasjonal transportløyveseksjon søker sakshandsamar

Arbeidsgiver
Statens vegvesen Region vest
Stillingstittel
Fast stilling som førstekonsulent
Frist
22.05.2016
Ansettelsesform
Fast

Nasjonal transportløyveseksjon i Lærdal opplever økt arbeidsmengde og vil tilsette ein sakshandsamar i 100% fast stilling.

Seksjonen har vore operativ sidan 1. januar 2015 og har pr. i dag 7 tilsette som har ansvaret for utferding og administrering av transportløyve (gods- og turvognløyver) som gjeld både nasjonalt og internasjonalt.  

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:

  • Ta imot og handsame løyvesøknadar
  • Utferde transportløyver for gods- og turvogn
  • Administrativt arbeid
  • Kontakt med fagmiljø i Vegdirektoratet

 Kvalifikasjonskrav:

  • Det er ynskjeleg med minimum 2 års utdanning frå universitet eller høgskule
  • Kjennskap til offentlege forvaltning og sakshandsaming er ein fordel 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsemne på norsk og engelsk

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT( www.nokut.no).

Vi ønskjer ein førstekonsulent som:

  • har kjennskap til offentleg forvaltning og vår verksemd
  • er resultatorientert, effektiv og systematisk
  • arbeidar godt saman med andre og styrkar kollegaer, men og evner å jobbe sjølvstendig
  • bidreg med initiativ, entusiasme og godt humør

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

 Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

  Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 6887 Lærdal
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
May Britt B. Solheim
Telefon
95 86 82 10
Følg firma
447 følger dette firmaet

Askedalen 4, 6887 Lærdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 74674798
Sist endret 22. apr. 2016 09:32

Rapporter annonse