Utløpt

Setesdal barnevern treng saksbehandlarar

Arbeidsgiver
Valle kommune
Stillingstittel
Setesdal barnevern treng saksbehandlarar
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Setesdal barnevern er ei felles organisering av barnevernet i Bygland, Bykle og Valle. Samarbeidet er organisert som eit vertskommunesamarbeid med Valle som vertskommune. Nedanfor kan du sjå ein liten video frå Valle kommune. Vi har flotte fasilitetar og god infrastruktur. Naturen og kulturen i Valle kommune tiltrekkjer seg også mange turistar. 

Følgjande stilling er ledig:

  • 70 % fast stilling som saksbehandlar. Det kan bli aktuelt å auke stillingsprosenten evt. å tilsette to personar avhengig av finansiering.
    Dette vil vi gi meir informasjon om så snart det er avklart.

Hovudoppgåver:

  • Saksbehandling etter lov om barneverntenester.
  • Hjelpe til med fagleg utvikling av barneverntenesta.
  • Delta i tverretatlege samarbeidsfora.

Noko reiseverksemd må påreknast, men barnevernet disponerer eigen bil for dette.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som barnevernspedagog el. sosionom.
  • Det er ønskjeleg med relevant praksis, men også nyutdanna kan søkje på stillingane.
  • IKT kunnskapar.
  • Førarkort kl. B.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Før tilsetting må tilfredsstillande politiattest leggjast fram, jf. barnevernlova § 6-10 fyrste ledd.

Vi tilbyr:

  • Eit høgt kvalifisert fagmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
  • Opplæring, og moglegheit for kurs og fagleg oppdatering.
  • Fast intern rettleiing i grupper og individuelt.
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver innan kommunalt barnevern.
  • Kommunal bustad eller hjelp til å finne eigna bustad.
  • Trening i arbeidstida.
  • Tilsetting og løn i tråd med gjeldande lover, reglar og avtaler.

Meir informasjon om stillinga kan du få av:
Leiar Setesdal barnevern Marie Lovise Johnsen tlf. 945 14 823

Personalsjef i Valle kommune Øyvind Olsen tlf. 37 93 75 04


Vi tek berre i mot elektroniske søknadar som du finn HER

Vitnemål og attestar skal ikkje leggjast ved, men du vil bli spurd om å ta med dette til eit eventuelt intervju.

Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500.

Søknadsfrist: 04.05.16


Alternativt for meir info, søknadsskjema, video, etc.:
http://www.valle.kommune.no/
http://www.valle.kommune.no/setesdal-barnevern-treng-saksbehandlarar.5867726-288720.html


Nøkkelord for søk: Sosionom, barnevernspedagog, barnevern, Valle, Brokke, Rysstad, kort vei til Bykle og Hovden, kort vei til Hovden i Setesdal, Bygland, litt over 2 timar køyring på gode vegar til dei flotte kystbyane Kristiansand, Arendal, Grimstad, Lillesand og Mandal.
Sektor
Offentlig
Sted
4747 Valle
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog / Barnevernspedagog
Sosionom / Sosionom

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 74587003

Sist endret: 1. jun 2016 16:48

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marie Lovise Johnsen
Stillingstittel
Leiar Setesdal barnevern

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 74587003

Sist endret: 1. jun 2016 16:48