Utløpt

Valle kommune treng vernepleiar

Arbeidsgiver
Valle kommune
Stillingstittel
Valle kommune treng vernepleiar
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Valle kommune treng vernepleiar

Nedanfor kan du sjå ein liten video frå Valle kommune i Setesdal. Slik du vil sjå, så har vi flotte fasilitetar og infrastruktur. Naturen og kulturen i Valle kommune tiltrekkjer seg også mange turistar.  
Følgjande stilling er ledig:
  • 100 % fast stilling som vernepleiar.

Plassering i organisasjonen:

Stillinga er knytt til pleie- og omsorgsavdelinga med leiar pleie og omsorg som næraste leiar. 

Arbeidsstad er Valle kommune pleie og omsorg, med hovudområde habilitering og heimebaserte tenester.

Arbeidstid: Turnus med arbeid kvar 3 helg.

Ansvarsområde:

  • Målretta miljøarbeid med brukarane i eininga for habilitering.
  • Ansvar for å leie og koordinere oppgåver knytt til avdelinga for habilitering i samarbeid med leiar pleie og omsorg.
  • Ansvar for å halde oppdatera vedtak og diagnose på brukarar.
  • Rettleiing av miljøpersonale.
  • Ansvar for individuell plan.
  • Kartleggje og vurdere brukars behov for praktisk bistand.
  • Med i gruppe for førebyggjande heimebesøk.
  • Med i arbeid for kvardagsrehabilitering i kommunen.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som vernepleiar.
  • Det er ønskjeleg med relevant praksis, men også nyutdanna kan søkje på stillinga.
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr:

  • Eit helsefagmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Kommunal bustad eller hjelp til å finne eigna bustad.
  • Trening i arbeidstida.
  • Vernepleiarar får 10 års ansiennitet som lokalt rekrutteringstiltak.
Tilsetjing og lønn elles i tråd med gjeldande lover, reglar og avtaler.

Meir informasjon om stillinga kan du få av:

  • Leiar PLO Solveig Kyrvestad tlf. 94529089
  • Personalsjef Øyvind Olsen tlf. 37937504

Vi tek berre i mot elektroniske søknadar som du finn HER

Vitnemål og attestar skal ikkje leggjast ved, men du vil bli spurd om å ta med dette til eit eventuelt intervju.

Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500.


Søknadsfrist: 08.05.16

Alternativt for meir info, søknadsskjema, video, etc.:
http://www.valle.kommune.no/
http://www.valle.kommune.no/valle-kommune-treng-vernepleiar.5862453-293579.html

Nøkkelord for søk: Vernepleier, helsearbeider, habilitering, Brokke, Rysstad, kort vei til Bykle og Hovden, kort vei til Hovden i Setesdal, litt over 2 timar køyring på gode vegar til dei flotte kystbyane Kristiansand, Arendal, Grimstad, Lillesand og Mandal.
Sektor
Offentlig
Sted
4747 Valle
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 74050642

Sist endret: 23. mai 2016 14:42

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Solveig Kyrvestad
Stillingstittel
Avdelingssjukepleiar
Telefon
Vis telefonnummer
Mobil
Vis telefonnummer

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 74050642

Sist endret: 23. mai 2016 14:42