Utløpt

Spennande og utfordrande legejobb

Arbeidsgiver
Bykle kommune
Stillingstittel
Fastlege
Frist
22.04.2016
Ansettelsesform
Fast

Arbeidsoppgåvene er mellom anna:
• Fastlegefunksjon
• Øyeblikkeleg hjelp på dagtid
• Akuttmedisinske utfordringar som skadehandtering og liknande
• Legevakt.
• Tverrfagleg samarbeid/offentleg helsearbeid
• Arbeid med telemedisin
• Fag/tenesteutvikling
• Stillinga kan bli tillagt andre oppgåver

Kvalifikasjonskrav:

• Norsk legeautorisasjon
• Gode norskkunnskapar
• Gode kunnskapar om bruk av data som arbeidsverktøy
• Relevant yrkeserfaring
• Interesse for og erfaring frå akuttmedisin og bruk av medisinsk teknisk utstyr er ein fordel.
• Personlege eigenskapar som:
skikka for stillinga, fleksibilitet,
evne til å samarbeide og evne til å
arbeide sjølvstendig blir vektlagd

Vi kan tilby:

  • Løn etter avtale
  • Gode ordningar for permisjon/fri etter eigen avtale.
  • Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Bedriftsleilegheit i Kristiansand

 

Om arbeidsgiveren

Helsetenesta i Bykle og Valle er ein interkommunal teneste med 23 tilsette innanfor fleire fagområde. Vi har tre legekontor, eit i Valle, eit i Bykle og eit på Hovden, med i alt 4 fastlegestillingar og 2 turnuslegestillingar. Vi søkjer etter fastlege til Bykle legekontor og Hovden lege-kontor. Dei to legekontora bemannast av det same personalet. Stillinga er fastlønna.
Legekontora har god dekning av hjelpepersonell, er svært godt utstyrt med m.a. digitalt røntgenutstyr, ultralyd og laboratorium og vi sam-arbeider tett med spesialisthelsetenesta gjennom bla. telemedisinske løysingar.
Våre to kommunar har ca. 2200 innbyggjarar, men som turistkommunar er vi mange fleire i høgsesongen. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande, og om vinteren er handtering og behandling av skader og brottskader ein del av det daglige arbeidet. Med lang veg til sjuke-hus er det viktig for oss å utvikle gode og verknadsfulle tenester lokalt og kompetanse hos våre tilsette er nøkkelen til det. Vi har derfor svært gode ordningar for kurs, kompetanseheving og spesialiseringsløp. Det er ein føresetnad for tilsetting at legen forpliktar seg til lege-vaktsarbeid etter vaktplan.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Øvre Sarv, 4754 Bykle
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Allmennmedisin

Nøkkelord

lege, akuttmedisin, fastlege, Hovden, Bykle

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Frode Verpe
Stillingstittel
Tenesteleiar helse
Telefon
37 93 86 02
94 52 90 62
Kontaktperson
Liv Hilde Holm
Stillingstittel
Personalsjef
Telefon
37 93 86 09
90 61 02 15
Følg firma
48 følger dette firmaet

Øvre Sarv, 4754 Bykle

Annonseinformasjon

FINN-kode 72931975
Sist endret 6. apr. 2016 15:41

Rapporter annonse