Nestleiar helse, omsorg, sosial /einingsleiar helse
- Arbeidsgiver
- Osterøy kommune
- Stillingstittel
- Nestleiar
- Frist
- 17.04.2016
- Ansettelsesform
- Fast
Kort om stillinga
Vår nestleiar i Helse, omsorg og sosial skal pensjonera seg, og vi teng difor ein ny, engasjert og dyktig leiar i sektoren.
Helse, omsorg og sosial er delt i følgjande einingar: Osterøytunet, Heimetenesta, Bu- og avlastningstenesta, Psykisk helse og rusomsorg, Helse og Sosial.
Arbeidsstad: Osterøy rådhus i Lonevåg
Arbeidsoppgåver
Han/ho som vert tilsett, vil vere sektorleiar sin nære samarbeidspartnar og den som møter i sektorleiar sitt fråvere. I tilleg blir ho/han einingsleiar for helsetenestene, herunder Ergo/fysioterapitenesta og Legetenesta. Oppfølgjing av andre leiarar i sektoren er lagt til sektorleiar. Dei viktigste arbeidsoppgåvene for den utlyste stillinga er:
- Overordna ansvar for økonomi, drift og personalansvar i Eining for helsetenester. Eininga er nyoppretta, og vil krevja utviklings- og endringsarbeid framover.
- Leie sektoren si forvaltning. Forvaltninga fattar vedtak om tildeling av pleie- og omsorgstenester til kommunen sine innbyggjarar. Nestleiar skal sikre at det vert tildelt tenester i samsvar med gjeldande lov- og regelverk, innan tildelte økonomiske rammer.
- Kompetanseutvikling i sektoren.
- Vidareutvikle helse- og omsorgstenestene i samarbeid med sektorleiar og andre einingsleiarar i sektoren.
- Stillinga vil få ei sentral rolle opp mot sektorovergripande prosjekt
- Tverrfagleg samarbeid med kommunen sine andre einingar
Vi søkjer
- Vi ynskjer ein tydeleg, utviklings- og resultatorientert leiar med erfaring innan fagfeltet.
- Minimum fire årig helsefagleg høgskule/universitetsutdanning, med vidareutdanning innan administrasjon og leiing.
- Erfaring frå leiarstillingar er ønskeleg
- Særleg lang og relevant leiarerfaring kan kompensera for utdanningskravet
- Gode evner til å samarbeida og kommunisera
- Kunne arbeida systematisk
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- God kunnskap om offentleg verksemd.
- God forståing for IKT-verkty
- Kunnskap om rehabilitering er ein fordel.
- Personlege eigenskapar og skikkethet for stillinga vil bli særskilt vektlagt
Vi tilbyr
- Kurs innan forvaltning
- Variert arbeid i eit travelt, men hyggeleg og godt miljø
- Godt motiverte medarbeidarar
- God pensjonsordning
- Løn etter avtale
- Fleksibel arbeidstid
- Osterøy kommune er ei IA-bedrift
Søknad
Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf. 56 19 21 00.
Om arbeidsgiveren
Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyane i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og nærmar seg 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Hatland, 5282 Lonevåg
- Bransje
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Konsulent,
- Helsepersonell,
- Kontor og administrasjon
Nøkkelord
administrasjon, økonomi, personalansvar, resultatorientert
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Mette Fauskanger
- Stillingstittel
- sektorleiar
- Telefon
- 56 19 21 14
Hatland, 5282 Lonevåg