Utløpt

Jurist - mobile tenester

Arbeidsgiver
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) - FM Mobile tjenester
Stillingstittel
Jurist - mobile tenester
Frist
13.03.2016
Ansettelsesform
Fast
Nkom formar og påverkar viktige føresetnader for moderne kommunikasjon. Vi jobbar på nasjonalt og internasjonalt nivå med aktuelle problemstillingar i eit spennande, utviklande og tverrfagleg miljø. Vi er tett på utviklinga i eit av dei viktigaste områda i samfunnet: moderne kommunikasjon. No treng vi ein ny jurist til seksjon for mobile tenester.

I Frekvensavdelinga har vi ansvar for å planleggje, tildele og føre tilsyn med bruk av radiofrekvensar i Noreg. Vi deltar i internasjonale fora knytt til bruk av denne ressursen, og gir faglege innspel til og greier ut aktuelle problemstillingar på oppdrag frå regjeringa.

Mobile tenester er ein av tre seksjonar i Frekvensavdelinga. No ser vi etter deg som vil kvalitetssikre og gje juridiske råd i samband med at Nkom tildelar og koordinerer bruk av frekvensar, og utfører nasjonalt og internasjonalt planarbeid. Oppgåvene vi utfører ligg i grenseland mellom jus, teknologi og økonomi.

I dag er vi 13 kollegaer med teknisk og juridisk kompetanse i seksjonen.

Arbeidsoppgaver

  • kvalitetssikre og gje juridiske råd når Nkom tildelar og koordinerer bruk av frekvensar
  • kvalitetssikre og gje juridiske råd når Nkom utfører nasjonalt og internasjonalt planarbeid
  • utvikle relevant regelverk i samsvar med den teknologiske utviklinga
  • delta i relevante prosjekt og utgreiingsarbeid i avdelinga og i Nkom
  • føre tilsyn med vilkår i frekvensløyve
  • handtere saker som gjeld brot på ekomregelverket

Kvalifikasjoner

  • mastergrad i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen (cand. jur)
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • interesse for teknologi
  • Det er ønskjeleg med relevant tilsyns- eller forvaltningserfaring frå offentleg sektor. Det er også ønskjeleg med erfaring frå konkurranserett eller EØS-rett og kjennskap til internasjonalt forvaltningssamarbeid.

Egenskaper

  • initiativrik, open og omgjengeleg
  • strukturert, kvalitetsbevisst og serviceorientert innstilling
  • evne til å arbeide nøyaktig og ryddig både sjølvstendig og saman med andre
  • blid og med god arbeidskapasitet
  • Vi legg vekt på at du må vere personleg eigna.

Vi tilbyr

  • Stillinga er lønna som rådgivar eller seniorrådgivar frå kr. 467 700 (lønnstrinn 55) til kr. 652 000 (lønnstrinn 73), avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • Frå lønna blir det trekt to prosent innskot til Statens pensjonskasse.

Om arbeidsgiveren

Nkom skal leggje til rette for og sikre god konkurranse i marknadene for breiband og telefoni, kringkasting og post.
Vi definerer og påverkar rammevilkår og lovverk, og representerer Noreg i det mangesidige arbeidet mellom anna med Internett. Sikkerheit og beredskap er ein vesentleg del av ansvaret vårt.

Nkom er lokalisert i Lillesand. Meir informasjon finn du på www.nkom.no.

Vi ønskjer kvinner og deg med innvandrarbakgrunn spesielt velkomen til å søkje.

Opplysningar om kven som har søkt denne stillinga, kan offentleggjerast sjølv om søkjarar har reservert seg mot å stå på offentleg søkjarliste. Søkjarar vil bli varsla i forkant dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Sektor
Offentlig
Sted
Nygård 1, 4790 Lillesand
Bransje
Juridiske tjenester,
Telekommunikasjon
Stillingsfunksjon
Jurist

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bent Andre Støyva
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
22 82 48 33
45 26 75 48
Kontaktperson
Sidsel Huse
Stillingstittel
seniorrådgjevar
Telefon
22 82 46 15
45 26 75 48
Følg firma
297 følger dette firmaet

Nygård 1, 4790 Lillesand

Annonseinformasjon

FINN-kode 71712630
Sist endret 25. feb. 2016 08:36

Rapporter annonse