Utløpt

Legetenesta i Bykle/Hovden treng aut. sjukepleiar

Arbeidsgiver
Bykle kommune
Stillingstittel
Aut. Sjukepleiar
Sted
Øvst i Setesdal
Frist
Frist utløpt
Varighet
Vikariat

100 % vikariat pt. legetenesta i Bykle/Hovden frå 10.3.16 til 31.5.17.

Bykle kommune og Valle kommune har felles helseteneste med Bykle kommune som vertskommune. Helsetenesta i Bykle og Valle har 23 tilsette fordelt på legeteneste, fysioterapi, jordmor, helsesøster, psykisk helse og rus. Vi har legekontor i Valle, Bykle og på Hovden med i alt 4 fastleger,2 turnusleger, 4 sjukepleiarar og 2 hjelpepleiarar.

Legekontora er svært godt utstyrt med m.a. digitalt røntgenutstyr, ultralyd og laboratorium. Vi samarbeider tett med spesialisthelsetenesta gjennom bla. telemedisinske løysingar.

Arbeidsoppgåvene i Bykle og Valle kommunar er varierte og utfordrande. Våre to kommunar har samla om lag 2200 innbyggjarar, men som utprega turistkommunar er vi mange fleire i høgsesongen.

Vi søkjer etter sjukepleiar til vikariat ved Bykle legekontor og Hovden legekontor. Dei to legekontora bemannast av det same personellet.

 

Arbeidsoppgåver

  • Betjening av ekspedisjon/vaktsentral på legekontoret
  • Assistere legane
  • Pasientrelatrerte oppgåver
  • Andre oppgåver i forhold til dagleg drift av legekontoret
  • Noko arbeid på kveld/helg i vintersesont må påreknast

Kvalifikasjonskrav:

  • Aut. sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar
  • Gode kunnskapar om bruk av data som arbeidsverkrøy
  • Evne til å takle ein hektisk arbeidssituasjon med mange ulike oppgåver
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Erfaring frå liknande arbeid vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Spennande arbeidsoppgåver og gode kollegaer
  • Løn etter tariff
  • God pensjons- og forsikringsording
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement
  • Vi kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
  • Bedriftsleilegheit i Kristiansand

Tilsetjing skjer etter dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Vikariatet kan verte forlenga.

Vi oppmodar til å nytte vårt elektroniske søknadsskjema sjå under ledige stillingar på www.bykle.kommune.no

Vi ynskjer ikkje å bli kontakta av annonseseljarar.

Om arbeidsgiveren

Bykle kommune har om lag 930 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand og Stavanger (sommarstid) og 30 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Her i kommunen finn du barnehage, skule og SFO samt vidaregåande skule. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. mellom anna ha v i alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, Golfbane og badeland

Nettverk
Facebook
Tiltredelse
10.03.2016
Sektor
Offentlig
Sted
Sarvsvegen 31,
4754 Bykle
Lønn
Løn etter tariff
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Nøkkelord

sykepleier, sjukepleiar, legekontor, helsetjeneste, akuttmedisin

Rapportér annonse

FINN-kode
71675617
Sist endret
24. feb 2016 13:18

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Frode Verpe
Stillingstittel
Tenesteleiar helse
Telefon
37 93 86 02
945 29 062
Kontaktperson
Liv Hilde Holm
Stillingstittel
Personalsjef
Telefon
37 93 86 09
906 10 215
Følg firma
7 følger dette firmaet

Sarvsvegen 31, 4754 Bykle

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
71675617
Sist endret
24. feb 2016 13:18