Utløpt

Ledig rektorstilling

Arbeidsgiver
Hallingdal Folkehøgskule
Stillingstittel
Rektor
Sted
Gol
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

 

Ledig rektorstilling.

Hallingdal Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule med plass for 90 -100 elevar. Grunnleggjande verdiar er friheit – medansvar –fellesskap –toleranse - omsorg.                                                                           Skulen ligg høgt og fritt med flott utsyn over Gol sentrum. Kort veg til skianlegg og fine turområde. Skulen sin fagprofil er ski-og brettkøyring, frilufstliv, reise og helse/livsstil.

Vi søkjer etter ein deltakande rektor som kan identifisera seg med folkehøgskuleideane generelt og Hallingdal Folkehøgskule sitt verdigrunnlag spesielt.

Rektor er skulen sin pedagogiske leiar og må kunne motivera og leggje til rette for gode læringsarenaer for elevane, utvikling av skulen sine pedagogiske tilbod, og bidra til at folkehøgskulen blir  ein aktiv medspelar i bygda og samfunnet omkring. Rektor har eit overordna ansvar for korte kurs og utleigeverksemd.

Rektor har i tillegg personal-drift-og økonomiansvar. Rammene for drifta er fastsett i «Lov-og forskrift for folkehøyskolen», skulen sine eigne vedtekter og anna gjeldande avtaleverk.

Styret for Hallingdal Folkehøgskule er skulen sitt øvste ansvarlege organ. Rektor er sekretær og førebur saker for styret. Administrasjonsspråket er nynorsk.

Administrasjonsressursen er  på 120 %, fordelt med 70% på rektor og 50% på assisterande rektor.                                                                                                                                                       Skulen ønskjer helst å ha ny rektor på plass frå 01.06.16,  seinast 01.08.16

Kvalifikasjonar:

  • Leiarerfaring
  • Relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå
  • Økonomisk og administrativ kompetanse og/el erfaring.
  • Kjennskap til IKT og marknadsføring er ein fordel
  • God skriftleg framstillingsevne

Personlege eigneskapar

  •  Motivasjon og engasjement for å  vidareutvikle skulen i tråd  med verdigrunnlag og målsetting
  • Gode relasjonsferdigheiter, byggje tillit og skape godt samarbeidsklima
  • Glad i å vere i lag med unge menneske

Skulen kan tilby:

  • Ein motivert og utviklingsorientert  stab
  • Eit skuleanlegg med store mulegheiter
  • Løn etter avtale og medlemsskap i Statens Pensjonskasse

 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Nærare opplysningar ved rektor Mai-Evy Bakken, ass. Rektor Anne Grethe Ulshagen på tlf. 32079670 eller ved styreleiar Per Egil Kolsrud tlf. 91745463..

Søknad med CV må sendast innan 20.01.2016 til Styret for Hallingdal Folkehøgskule, Skagavg.3, 3550 Gol eller post@hallingdal.fhs.no

 

 

Om arbeidsgiveren

Hallingdal Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule med plass for 90 -100 elevar. Grunnleggjande verdiar er friheit – medansvar –fellesskap –toleranse - omsorg. Skulen ligg høgt og fritt med flott utsyn over Gol sentrum. Kort veg til skianlegg og fine turområde. Skulen sin fagprofil er ski-og brettkøyring, frilufstliv, reise og helse/livsstil.

Tiltredelse
01.06.16, seinast 01.08.16
Sektor
Offentlig
Sted
Skagavegen, 3,
3550 Gol
Lønn
Etter avtale
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Kontor og administrasjon,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

Leder, Rektor

Rapporter annonse

FINN-kode
68708376
Sist endret
11. jan 2016 17:20

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mai-Evy Bakken
Stillingstittel
rektor
Følg firma
Bli den første til å følge firmaet!

Skagavegen, 3, 3550 Gol

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapporter annonse

FINN-kode
68708376
Sist endret
11. jan 2016 17:20