Utløpt

Fagstilling ved Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging - RVTS

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Fagstilling ved Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging - RVTS
Frist
15.12.2015
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging, RVTS er ei avdeling i Helse Bergen (www.rvtsvest.no). Senterest får sitt oppdrag direkte frå Helsedirektoratet, og skal vere ei "teneste før tenestene", og styrke og støtte alle tenester i region vest på områda traume og traumatisk stress, vald og seksuelle overgrep, sjølvmordsførebygging og flyktningehelse.

RVTS skal styrke sin bemanning og har ledig eit engasjement i 100% stilling. Engasjementet kan evt. delast i 2 * 50% stillingar. Engasjementet er ledig i eitt år med moglegheit for fast tilsetting.

Personar med anna etnisk bakgrunn enn norsk blir oppmoda til å søke.

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga skal styrke senteret sitt arbeid med kompetanseheving i regionen, med undervisning, rettleiing og drift/ utvikling av kompetanseprogram. Hovudoppgåvene vil vere på områda traume, traumebehandling og flyktningar, samt at ein inngår i RVTS sine øvrige satsingar innan vald og seksuelle overgrep, psykososial beredskap, flyktningehelse eller sjølvmord.

Kvalifikasjonar

  • Minimum utdanning på masternivå
  • Relevant erfaring med krise, traume, traumebehandling og flyktningar
  • Rettleiings- og undervisningskompetanse
  • Gode evner til munnleg og skriftleg formidling
  • Gode samarbeidsevne og evne til å jobbe både individuelt, tverrfagleg og i team
  • Kjennskap til relevant forsking og kunnskapsstatus på fagområdet
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og nettverksbygging

Utdanning

  • Barnevernsfag
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
  • Juridiske fag
  • Pedagogikk
  • Psykologi

Eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Du er utadvendt og kontaktskapande
  • Opptatt av faget og vidareutvikling av fagområdet
  • Du arbeider strukturert, løysingsorientert og sjølvstendig
  • Engasjement til å fronte RVTS og traumearbeidet utad
  • Evne til å tenke strategisk og leie prosessar
  • Vere ein god lagspelar og alliansebyggar

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Godt arbeidsmiljø
  • Eit spennande fagmiljø
  • Faglege utfordringar
  • Stor fridom til å utforme eigen arbeidskvardag
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Fleksitid
  • Lønn etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Kvart år behandlar vi nesten 600.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Ulriksdal 2, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog,
Sykepleier / Psykiatri,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Espen Rutle Johansson
Stillingstittel
Psykologspesialist
Telefon
413 14 555
Følg firma
1719 følger dette firmaet

Ulriksdal 2, 5021 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 67712847
Sist endret 24. nov. 2015 07:59

Rapporter annonse