Utløpt

Jurist - eittårig engasjement

Arbeidsgiver
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom)
Stillingstittel
Jurist - eittårig engasjement
Sted
Lillesand
Frist
Frist utløpt
Varighet
Engasjement
Nkom har ansvar for å planleggje, tildele og føre tilsyn med bruk av radiofrekvensar i Noreg og representerer Noreg i internasjonale fora knytt til bruk av denne ressursen.

No ser vi etter deg som skal kvalitetssikre og rådgje i samband med at Nkom tildelar og koordinerer bruk av frekvensar, og utfører nasjonalt og internasjonalt planarbeid.

Oppgåvene vi utfører ligg i grenseland mellom teknologi, jus og økonomi. Du vert ein av fire juristar som alle er ein fellesressurs for heile avdelinga. Stillinga er i seksjon for mobile tenester.

Arbeidsoppgaver

  • kvalitetssikre og rådgje i samband med at Nkom tildelar og koordinerer bruk av frekvensar
  • kvalitetssikre og rådgje i samband med at Nkom utfører nasjonalt og internasjonalt planarbeid
  • utvikle relevant regelverk i samsvar med den teknologiske utviklinga
  • delta i prosjekt- og utgreiingsarbeid
  • føre tilsyn med vilkår i frekvensløyve
  • handtere saker som gjeld brot på ekomregelverket

Kvalifikasjoner

  • du må ha mastergrad i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen (cand. jur)
  • du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • du må ha interesse for teknologi og økonomi
  • det er ønskjeleg med erfaring frå offentleg sakshandsaming
  • det er ønskjeleg med erfaring frå folkerett, EØS-rett og konkurranserett
  • det er ønskjeleg med erfaring frå frekvensforvaltning og kjennskap til internasjonal frekvensforvalting
  • Du som er nyutdanna er også velkomen til å søkje.

Egenskaper

  • initiativrik, open og omgjengeleg
  • strukturert, kvalitetsbevisst og serviceorientert innstilling
  • evne til å arbeide nøyaktig og ryddig både sjølvstendig og i grupper
  • blid og med god arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Stillinga er lønna som rådgivar eller seniorrådgivar frå kr. 467 700 (lønnstrinn 55) til kr. 652 000 (lønnstrinn 73), avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • Frå lønna blir det trekt to prosent innskot til Statens pensjonskasse.

Om arbeidsgiveren

Nkom skal leggje til rette for og sikre god konkurranse i marknadene for breiband og telefoni, kringkasting og post.
Vi definerer og påverkar rammevilkår og lovverk, og representerer Noreg i det mangesidige arbeidet mellom anna med Internett. Sikkerheit og beredskap er ein vesentleg del av ansvaret vårt.

Nkom er lokalisert i Lillesand. Meir informasjon finn du på www.nkom.no.

Vi ønskjer kvinner og deg med innvandrarbakgrunn spesielt velkomen til å søkje.

Opplysningar om kven som har søkt denne stillinga, kan offentleggjerast sjølv om du har reservert deg mot å stå på offentleg søkarliste. Du vil bli varsla dersom ønsket ditt om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Søknad merkes
11/2015
Sektor
Offentlig
Sted
Nygård 1,
4790 Lillesand
Bransje
Telekommunikasjon,
Juridiske tjenester
Stillingsfunksjon
Jurist

Rapportér annonse

FINN-kode
63436598
Sist endret
25. aug 2015 10:30

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bent Andre Støyva
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
22 82 48 33
908 89 955
Kontaktperson
John-Eivind Velure
Stillingstittel
avdelingsdirektør
Telefon
22 82 48 27
957 48 447
Følg firma
130 følger dette firmaet

Nygård 1, 4790 Lillesand

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
63436598
Sist endret
25. aug 2015 10:30